Skifolk besøkte Rosendal med Statsraad Lehmkuhl – sjå tøff video!

Artikkelen er over 2 år gammel

I helga fekk skientusiastar ei uforgløymeleg helg på segltur med Statsraad Lehmkuhl og toppturar i Rosendalsalpane.

DEL

Konseptet blir kalla «ski & sail», og turen var arrangert av Statsraad Lehmkuhl, Ekstremsportveko og Hardanger Åtgaum. 120 deltakarar mønstra på skipet i Bergen, fekk utsegling i Hardangerfjorden, og stod på ski og snowboard i Rosendalsalpane – både guida og eigenorganiserte turar. At dette var populært blant skientustiastane var tydeleg, denne «premiereturen» blei utselt på tre-fire minutt. To liknande turar skal arrangerast til neste år.

Ski- og snowboardmagasinet Fri Flyt var med på turen for å spela inn episodar av «Toppturfeber» som skal visast på friflyt.no og utemagasinet.no til hausten. Men vil du allereie no sjå ein knalltøff film og bilde frå Rosendal kan du sjekka ut friflyt.no.

Artikkeltags