Sprint i Fjellhaugen

Artikkelen er over 2 år gammel

Sesongens formel 1-renn vert arrangert onsdag 29. mars.

DEL

Førstkomande onsdag arrangerer Uskedal idrettslag årets Telenorrenn. Det er sesongens einaste sprintrenn, der skiløparar i alle aldrar skal gå for full maskin i 830 meter. Det vert mjølkesyre og spurt heile vegen! Rennet vert gjennomført med prologar og finaleheat, og vi ser fram til stor deltaking og mange ivrige tilskodarar. Telenorrennet måtte diverre avlysast 19. februar, men no ser vêrmeldingane gode ut, og Uskedal idrettslag gler seg til å arrangera sesongens store lokale skishow. Barnerennet går som vanleg først. Arrangøren melder at det vert flotte premier til alle deltakarar, og ynskjer alle velkomen til Fjellhaugen på onsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags