Nyleg fekk Fjellhaugen skisenter 600.000 kroner av Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad til nytt styringssystem. Eit styringssystem er systemet som driv motoren i skitrekket, og det eksisterande er frå 1973. Det er vanskeleg å få tak i nye komponentar om noko ryk.

Eit nytt styringssystem kostar nesten 900.000 kroner, så no har skisenteret oppretta ei kronerulling på Spleis.no.

Dei skriv at dei håpar å få inn litt ekstra pengar slik at dei ikkje tømmer kontoen sin heilt:

«Då har vi ikkje meir igjen til vedlikehald, og då er ein like langt», skriv dugnadsgjengen, som legg til at dei er optimistiske og håpar folk tar spandérbuksene på.