Martin med sterk andreplass

PRESTERTE: Martin Femsteinevik gikk et toppløp og var med og kjempa om sigeren i fredagens norgescuprenn på Simostranda.

PRESTERTE: Martin Femsteinevik gikk et toppløp og var med og kjempa om sigeren i fredagens norgescuprenn på Simostranda. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Martin Femsteinevik har hatt fin formstigning etter nyttår. Fort gjekk det også då han vart nummer to i fredagens norgescuprenn på Simostranda.

Det var berre Erling Ålvik som har varta opp med fleire gode internasjonale resultat dei siste åra, som hamla opp med Hatlestrand-guten. 17 sekund skilte dei to i dei mangeårige treningsløypene til Ole Einar Bjørndalen.

– Eg er godt nøgd med det eg presterer langrennsmessig i dag. På standplass føler eg at det er under pari ettersom eg får fem strafferundar. Det har nok litt samanheng med at eg slit i ståande om dagen. Det er ikkje godt å seia kvifor det er slik, seier Martin til Kvinnheringen rett etter rennet.

Heldt bra fart

23-åringen vil ikkje bruke dei nedisa mattene på standplass som unnskyldning for at det var nokre skot som hamna utanfor blinken Men innrømmer at det av den grunn ikkje ble lettare å halda fokus då han kom inn med høg puls, og gjorde seg klar for å fyra av dei to ståandeseriane. Femsteinevik var imidlertid ikkje den einaste som sleit med uttellingsprosenten på Simostranda.

– Eg føler at eg har ein del å gå på både på standplass og i sporet. På bakgrunn av det er eg litt overraska over at eg kapra andreplassen. Det er liten tvil om at eg er langt meir tilfreds med plasseringa enn prestasjonen i dag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags