– Martin er den mest komplette skiskyttaren på laget

Trenar Knut Tore Berland frå Matre har klokketru på Martin Femsteinevik. (Arkivfoto).

Trenar Knut Tore Berland frå Matre har klokketru på Martin Femsteinevik. (Arkivfoto).

Av

– Martin Femsteinevik er den mest komplette skiskyttaren på dette laget. Hatlestrand-guten er god på det meste, sjølv om også han har eit bra forbetringspotensiale, seier trenar Knut Tore Berland.

DEL


54-åringen synest det er spesielt at han er trenar for eit team der eitt av dei største talenta kjem frå Kvinnherad, der det er svært få som har fatta interesse og satsa på skiskyting opp gjennom åra. Berland meiner at både Martin og søstera Ragnhild har bevist at det er fullt mogleg å bli god sjølv om ein kjem frå ein liten og forholdsvis snøfattig stad på Vestlandet. Det handlar som han seier om å være målbevisst nok.

– Det har vore veldig bra for Team Mesterbakeren å få inn Martin som er med og set standarden på trening. Han er godt trena og har store fysiske ressursar. 24-åringen har dei to siste sesongane halde eit veldig høgt nivå. Hålansdalen-utøvaren er betre enn folk flest er klar over. Femsteinevik var betre sist vinter enn den føregåande sesongen då han gjekk mykje COC-cup. Men dei som fekk sjansen i starten av sesongen presterte og tok godt vare på sjansen. Det førte til at det blei vanskeleg å slå seg inn på laget, seier Berland.


Har stort potensiale

Både Berland og tidlegare juniorlandslagstrenar Kjell Ove Oftedal er tydelege på at Martin på sine beste dagar ville ha hevda seg i verdscupen. Førstnemnte meiner pallplassar i COC-cupen er jamgodt med 25. plass i verdscupen, men at det som oftast er slik at dei som kjem frå COC-cupen må starta i pulje tre eller fire i verdscupen. Dermed blir det fort så dårlege forhold at det skal mykje til for å bli blant dei 60-70 beste fordi det er jamt og nivået er høgt.

– Kva kan vi forventa av Martin denne vinteren nasjonalt og internasjonalt?

– Eg føler meg trygg på at ein av våre beste menn kjem til å levera dersom han held seg sjukdoms- og skadefri. Det handlar mykje om det for hans vedkommande ettersom det er heilt avgjerande for kontinuiteten. Det kan fort bli eit tilsvarande senario som i fjor, at dei som blir tekne ut til dei første IBU-cup-renna gjer det så bra at det blir vanskeleg å byta dei ut, seier Berland.


Spent på Martin

Han meiner det i så fall kan bli vanskeleg å gå seg inn i troppen. Derfor har han forhåpningar om at Martin Femsteinevik får det til i opningsrenna. Knut Tore er glad for at Martin valde å flytta til Lillehammer for å bli ein del av Team Mesterbakeren. Det var eit krav for å bli ein del av teamet.

– Martin ville bevisa at det var mogleg å bli god sjølv om han hadde Hatlestrand som base. Det har guten klart, fordi han har oppnådd mange gode resultat dei to-tre siste sesongane. Eg sa at han hadde klart det og no var moden for å ta eit nytt steg. Eg håpar og trur han vil gjera det, sidan han, den einaste vestlendingen på laget, har hatt fin stigning i haust, seier Berland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags