Ragnhild-opptur i Sandnes

VAR GOD: Ragnhild Femsteinevik gjorde sine saker bra då ho kvalifiserte seg for finale i Blink-festivalen i Sandnes.

VAR GOD: Ragnhild Femsteinevik gjorde sine saker bra då ho kvalifiserte seg for finale i Blink-festivalen i Sandnes. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SANDNES: Ragnhild Femsteinevik fekk dei svara ho ønska seg i fredagens konkurranse i Blink-festivalen. Hatlestrand-jenta kvalifiserte seg for finale og var med og prega den, fram til ho øydela staven.

-Det var litt surt at eg skulle brekke staven då eg låg så bra an. Stavklusset førte til at eg måtte sleppa forbi løparar, sa Ragnhild som var på andreplass i den TV-sende finalen då uhellet var ute. 21-åringen hadde på det tidspunktet parkert både norske og utanlandske konkurrentar etter ein glimrande liggande serie som var av det feilfrie slaget. Hatelstrendingen følgde opp med god fart i sporet og var i posisjon til å få en svært god plassering da hun øydela staven.

-Eg må innrømma at eg vart stressa ettersom det var første gang eg opplevde å brekka en av stavane i konkurranse. Uhellet førte til at eg mista dei beste og etter kvart også litt av fokuset. Eg brukte det som «unnskyldning» overfor meg sjølv då dei eg låg føre tok meg igjen og forsvann. Etter ein litt svak periode midtvegs følte eg at det gjekk betre mot slutten, sa Ragnhild.

Fokuserte på skytinga 

Det var bonus for ho å koma til finale ettersom det berre var 12 av dei godt og vel 30 som var med på prologen og kvalifiseringa som kom dit. Ragnhild uttalte til Kvinnheringen i forkant av Blink-festivalen at det viktigaste for var å få til skytinga. Det lukkast ho med på prologen ettersom ni av ti skot sat der dei skulle. Ho var langt meir tilfreds med det enn at det gikk «sjukt tungt» i sporet for å bruke hennar eigne ord.

-Eg tar med meg mykje positivt frå dei to første konkurransane i Blink-festivalen. Først og fremst at eg skyter betre enn eg har gjort og at eg også er i utvikling i sporet. Eg er nok sterkare og har kome lengre i sesongførebuingane no enn på same tidspunkt i fjor.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags