Guro sette alle på plass i Kollen

Guro Femsteinevik imponerte då ho gjekk til topps i Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen på laurdag.

Guro Femsteinevik imponerte då ho gjekk til topps i Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen på laurdag. Foto:

Av

Guro Femsteinevik er eit minst like stort skiskyttartalent som dei tre eldre søskena sine. Det beviste niandeklassingen på nytt då ho på laurdag sette samtlege konkurrentar på plass og vann 15-årsklassen i Kvalfoss-sprinten.

DEL

Det etter ein heftig sekundstrid med Maren Gran frå Bærum som blei slått med fem tidelar. Guro hamla opp med 50 jamaldrande då ho klatra opp på det øvste trinnet på sigerspallen og kopierte dei to fjorårstriumfane i det som er eitt av verdas aller største skiskyttarrenn for aldersgruppa 13 til 16 år.

– Eg må innrømma at eg i dag var meir nervøs enn eg plar vera. Det hadde nok samanheng med at eg vann i fjor, og dette og Hovudlandsrennet som går seinare er dei viktigaste arrangementa eg er med på i vinter. Eg hadde lyst til å gjera det bra her, og følte nok på det i timane før eg skulle i aksjon, sa Guro då Kvinnheringen var i kontakt med ho etter rennet.

Heldt stor fart i sporet

Niandeklassingen hadde då vore på sigerspallen og mottatt glasvasen og hettegensaren som er det synlege beviset på at ho var best i landet på sitt alderstrinn denne dagen. Det blei ein bom på kvar av dei to skytingane på Hatlestrand-jenta som i fjor haust blinka seg ut to arrangement som ho hadde lyst til å gjera det bra i. Det var Kvalfoss-sprinten og Hovudlandsrennet.

Hovudlandsrennet er uoffisiell norgesmeisterskap for 15- og 16-åringar og blir arrangert på Oppdal. Guro håpar å vera i minst like god form når det skal kjempast om medaljar i alpinbygda. Ho syntest det var verst med den lange ventetida i Holmenkollen. Det tok si tid frå dei var på plass i nasjonalanlegget til det var hennar tur til å legga ut i løypa. Det blir gjerne slik når det er mange deltakarar

Nervøsiteten forsvann

– Nervøsiteten forsvann då eg var i gang med løpet. Eg følte derimot at eg stressa og tapte ein god del tid på standplass i forhold til dei hardaste konkurrentane. Men så følte eg eigentleg det gjekk betre og betre. Derfor hadde eg forhåpningar om at det skulle bli eit bra totalresultat. Det var kjekt at eg hadde marginane på mi side og avgjorde duellen med ho som blei nummer to til min fordel, sa Guro etter at sigeren var sikra i hovudstaden.

Tenåringsjenta la ikkje skjul på at det var stort å vinna Kvalfoss-sprinten på nytt. Dei aller beste i landet plar å vera med i arrangementet som den tidlegare OL-vinnaren Eirik Kvalfoss frå Voss har «lånt» ut namnet sitt til. Kvart år kjem det fleire hundre deltakarar i aldersgruppa 13-16 år til hovudstaden for å delta i det. Den fjerde i rekka av skiskyttarar i Femsteinevik-familien visste kva som var i vente då ho kom til nasjonalanlegget. Løypene i Kollen er litt hardare enn det ho er vane med sidan delar av World Cup-traseen i langrenn og skiskyting blir brukt. Guro, som er kapasitetssterk, likar seg i dei kuperte og harde løypene. Det viser også resultatet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags