Railjam-konkurranse i år også

Frå railjam-konkurransen i Fjellhaugen i påsken i fjor. Her ser du Benjamin Teigen midt i ein salto. Han vann klassen for skiutøvarar over 15 år. (Arkivfoto).

Frå railjam-konkurransen i Fjellhaugen i påsken i fjor. Her ser du Benjamin Teigen midt i ein salto. Han vann klassen for skiutøvarar over 15 år. (Arkivfoto). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I fjor deltok rundt 20 unge ski- og brettkøyrarar på skikonkurransen «railjam» i Fjellhaugen. I år håpar arrangørane på enda betre oppslutning skjærtorsdag.

DEL

«Railjam» er ein type skikonkurranse der utøvarane renn ned såkalla «rails» eller rekkverk på ski eller snowboard samtidig som dei gjer triks. I fjor blei ein slik konkurranse arrangert for første gong av initiativtakar Aleksander Barstad Espevik og kameratane Eirik Fykse og Jostein Arnesen. Det blei ein suksess som dei ønskjer å gjenta i år, og skjærtorsdag blir dagen.

Barstad Espevik jobbar som lærar på skilinja Freestyle USA på Rødde folkehøgskule i Trondheim.

– Dette er eit tilbod som vi sakna då vi var «kids», derfor ville vi arrangera det for dagens «kids». Det er litt jobb, men absolutt verdt det!

Som i fjor blir konkurransen i opningstida til trekket, og påmelding blir same dagen i området der arrangementet skal vera. Det blir sett opp klassar etter kven som melder seg på, og om ein står på ski eller snowboard. Konkurransen er er open for alle uansett nivå, men deltaking er på eige ansvar, og utøvarar under 16 år må ha fullmakt frå foreldre.

– Det er påbode å bruka hjelm, og vi anbefaler også ryggskinne, seier Barstad Espevik.

I år blir arrangementet plassert litt lenger ned i bakken slik at alle kan sjå på. Det blir også pølsegrilling, og arrangørane lovar god stemning for både utøvarar og publikum.

– Vi har fått låna musikkanlegg og speaker av Husnes Storsenter, så det vil bli musikk i bakken mellom renna.

Fykse og Arnesen er dommarar i konkurransen, og gir poeng ut frå vanskegrad og stil på triksa dei utfører.

– I fjor fekk vi sponsa flotte premiar, og det håpar vi å få til i år også. Det blir uansett premiar til dei som tar første-, andre- og tredjeplass. I tillegg må vi takka Fjellhaugen skisenter, som stiller med trakkemaskin og lar oss «styra på» og legg til rette for konkurransen.

For dei som ønskjer meir informasjon er det oppretta eiga Facebook-side om konkurransen: «Fjellhaugen Railjam 2016».

Artikkeltags