No strøymer folk til skisentra

Slik såg det ut i Tveitedalen tysdag føremiddag. Freistar det ikkje med ein skitur? (Foto: Julie Holmedal Askeland).

Slik såg det ut i Tveitedalen tysdag føremiddag. Freistar det ikkje med ein skitur? (Foto: Julie Holmedal Askeland).

Artikkelen er over 1 år gammel

Vinterferie, sol og snø – alt ligg til rette for dei som likar å gå på ski både i Tveitedalen og Fjellhaugen.

DEL

Det kan vera litt kaldt, men held ein seg i sola og har godt med klede er minusgradene ingen hinder for flotte skiturar desse dagane.

I Tveitedalen sørgjer «løypegjengen» med Håkon Askeland i spissen for preparerte løyper, og i Ternebu kan ein både varma seg og kjøpa kaffi, sjokolade, pølser og vafler i kiosken.

– Det har verkeleg vore fantastisk her inne i lang tid no. Det har stort sett vore mogleg å gå på ski sidan november, bortsett frå nokre dagar innimellom der underlaget har vore noko isete. Skianlegget er godt besøk både på dag- og kveldstid, og i helgene når folk har fri har det ofte vore kamp om parkeringsplassane, seier Julie Holmedal Askeland, som også er med i dugnadsgjengen i Idrettslaget Ternen. Det er stort sett ho som oppdaterer Facebook-sida til idrettslaget og nettsida med informasjon om løypeforhold.

Ho legg elles til at Ternen arrangerer skirenn og Kvinnheradmeisterskap i Tveitedalen laurdag 10. mars.

Mange tar også turen til Fjellhaugen, der skitrekket er ope i helgane og på onsdagskveldar. Elles kan ein gå flotte turar i lysløypa viss ein har langrensski, eller i områda rundt. Dessverre har kulda også skapt problem for Fjellhaugen skisenter. I dag (onsdag) stod det på skisenteret si Facebook-side at det måtte halda stengt fordi vatnet til varmestova og toaletta hadde frose.

Slik såg det ut då skitrekket i Fjellhaugen var ope søndag. Bildet er henta frå skisenteret si Facebook-side.

Slik såg det ut då skitrekket i Fjellhaugen var ope søndag. Bildet er henta frå skisenteret si Facebook-side.

Artikkeltags