SKL har søkt om å få endra frå borehol til nedgravne røyr i kraftverkutbygging – det er turlaget ikkje fornøgd med

Kvinnherad turlag fryktar varige endringar i naturen og konsekvensar for dyreliv dersom SKL får løyve til å bygga røyrgate i staden for borehol i den øvste delen av Onarheim Kraftverk-prosjektet. SKL meiner at fordelane er større enn ulempene ved ei slik endring.