Fekk fornya tillit av SKL

NY kontrakt: Energi Teknikk-gründer Eivind Tvedt (t.v) og dagleg leiar Øyvind Lernes kan gle seg over fornya tillit frå SKL. (Arkivfoto: Jorun Larsen)

NY kontrakt: Energi Teknikk-gründer Eivind Tvedt (t.v) og dagleg leiar Øyvind Lernes kan gle seg over fornya tillit frå SKL. (Arkivfoto: Jorun Larsen)

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Energi Teknikk AS er tildelt ein kontrakt med SKL verdt 10 millionar kroner.

DEL

Kontrakten er på levering av komplett elektromekanisk utrusting til Storelvi kraftverk i Ullensvang kommune.

– Avtalen inneber levering av ET Brekke peltonturbin med effekt på 4 MW med tilhøyrande generator-kontrollanlegg og naudsynte hjelpeanlegg. Utstyret skal bli levert våren 2016, skriv Energi Teknikk AS i ei pressemelding.

Kontrakten har ein verdi på rundt 10 millionar kroner. Storelvi kraftverk blir det sjette anlegget Energi Teknikk leverer til SKL.

– Det kjenst godt å vinna ein slik kontrakt i ein marknad med svært tøff konkurranse, og samstundes sjå at SKL med sitt kompetansemiljø kan velja ein lokal leverandør til anlegget sitt. Dette bidreg til å tryggja lokale arbeidsplassar, og gir Energi Teknikk nok ein flott referanse å visa til, uttalar dagleg lediar i Energi Teknikk, Øyvind Lernes, i pressemeldinga.

Energi Teknikk AS har i dag 18 tilsette innanfor administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon.

– Selskapet har levert elektromekanisk utrusting til over 130 småkraftanlegg i Norge, og har ein marknadsandel på rundt 30 prosent i Norge. Selskapet blei etablert i 1998, og har lagt ned et betydeleg arbeid på produktutvikling. Det er i dag totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen, står det å lesa.

Selskapet omsette i 2014 for 86 millionar, og har ein ordrereserve på 75 millionar kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags