SKL sitt 2017-resultat enda på 152,9 mill. kroner

Hovuddelen av SKL sin kraftproduksjon og driftsmiljøet er å finna i Matre i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Hovuddelen av SKL sin kraftproduksjon og driftsmiljøet er å finna i Matre i Kvinnherad. (Arkivfoto).

DEL

I ei pressemelding frå Sunnhordland Kraftlag går det fram at 2017-resultatet enda på 152,9 mill. etter skatt. Årsomsetnaden var på 806,5 mill. kroner. Resultatet er 8,5 mill. svakare enn i 2016.

Driftsresultatet i 2017 vart 410,5 mil. kroner, mot 283,7 mill. kroner året før. Skattekostnaden i 2017 er rekna til 253,5 mill. kroner, mot 99,7 mill. kroner i 2016.

– Sjølv om årsresultatet er redusert i forhold til 2016, er den underliggjande drifta forbetra. Mellom anna inneheld 2016-tala gevinst frå sal av verksemder, mens tala for 2017 er belasta med nedskriving av byggmasse som ikkje tilhøyrer kjerneverksemda, skriv SKL i pressemeldinga.


God produksjon

– God produksjon og moderat kraftpris auka dekningbidraget for produksjon til 710,9 mill. kroner, mot 522 mill. kroner for 2016. Kraftproduksjonen til selskapa konsolidert i konsernet var i 2017 på 2.626 GWh, som er 14,5% over midlare produksjon. Meir produksjonen på 333 GWh skuldast godt tilsig i 2017. Magasinstanden i 38 GWh høgare ved utgangen av 2017 enn ved inngangen til året, skriv SKL i pressemeldinga.

Gjennomsnittleg områdepris der SKL har hovuddelen av sin produksjon enda på 26,9 øre/kWh – 3,6 øre høgare enn i 2016.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags