Gå til sidens hovedinnhold

Går av med pensjon

Artikkelen er over 3 år gammel

Magne Heimvik sluttar som adm direktør i SKL. Magne vart 62 år i april i år, og har etter arbeidsavtalen nådd pensjonsalder.

Styret i SKL vart informert i måndag og startar no arbeidet med å tilsetja ny direktør. Målsetjinga er at ny direktør er på plass 1. januar 2018, heiter det i ei pressemelding frå SKL.

Magne Heimvik har lang fartstid i SKL.

- Han kom til selskapet i 1985, og i 1997 tok han over som adm direktør. Magne seier SKL har vore ein særdeles spennande og interessant arbeidsplass i ei tid der både samfunnet og rammevilkåra for kraftselskapa har vore i stadig endring.  Sett i lys av at dei vedtekne strukturelle endringane i SKL no er gjennomført –  og eigen alder – seier Magne at tidspunktet for å fråtre stillinga no frå årsskiftet er det beste, står det i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken