Gå til sidens hovedinnhold

Sklei av vegen – blei ståande i skråning

Klokka 12.23 onsdag ettermiddag melde 110 Hordaland på Twitter at ein bil stod på ein kant og vippa ved Vikefjellsvegen nær Teigen.

Naudetatane rykte ut.

Lensmann Sigurd Børve opplyser til Kvinnheringen at bilen har sklidd av vegen.

Børve seier at politiet har tatt sertifikatet til sjåføren som køyrde med sommardekk.

Ingen blei skada i utforkøyringa.

Les også

Avtale i boks mellom Hydro og kommunen: – Mange bedrifter bør ha interesse av å vera med

Kommentarer til denne saken