Her ryddar kommunen plass til bustader

Nett no ryddar ein entreprenør på oppdrag for Kvinnherad kommune nærmare 40 mål med skog i området nær brannstasjonen og gamleskulen på Husnes. Området er regulert til bustader og tenesteyting, men det er ikkje bestemt når det eventuelt skal byggast der.