Skogdag med skikkeleg fres i

Mobilt sagbruk: Olav Antonsen frå Melsomvik utanfor Tønsberg demonstrerte eit mobilt sagbruk i lettvektklassen.

Mobilt sagbruk: Olav Antonsen frå Melsomvik utanfor Tønsberg demonstrerte eit mobilt sagbruk i lettvektklassen.

Rundt 200 skogbruksinteresserte flokka seg hos Sandvik Landbruk i Omvikdalen laurdag.

DEL

No trong ein slett ikkje vera tømmerhoggar for å kosa seg på skogdagen i regi av Søre Kvinnherad skogeigarlag og Sandvik Landbruk. For hovudattraksjonen – «Anton's Timber Show» – var rett og slett topp underhaldning både for store og små, med eller utan skogeigedomar eller traktorsertifikat. Før showet vart det demonstrert ulike mobile fresar for stubbar og greiner, og dessutan for trestammer av ganske så grovt kaliber. Jernhest, mobilt sagbruk (det store bildet), traktorar og anna utstyr vart òg demonstrert og vist fram. Den lokale 4H-klubben selde vått og tørt i reiskapshuset på tunet. Der var det også bord og stolar, og dessutan tørrhøy ungane kunne hoppa i.

Tømmershowet baud på frisk øksing og endå tøffare motorsagføring. Olav Antonsen var like kjapp i snakketøyet som med reiskapen.

– Denne saga går på ein blanding av Aspen (motorsagbensin, red. anm.), metanol og Viagra, fleipa «Anton», før han drog i gang den nest kraftigaste saga han hadde i den talrike motorsag-rekkja si.

Med eksospotte av moped-kaliber og trimma motor, kappa han skiver av ei vaksen trestamme på få sekund med dei kraftigaste sagene.

«Anton» skar også ut miniatyrar av ulike slag til ungane som såg på. Ei av dei heldige, Adele Haveland (9) frå Knarvik, på besøk hos bestefar Hans Ølver Sandvik, fekk seg ein artig liten stol der ryggen var forma som ein A.

– Du heiter Ida, sant? fleipa «Anton» med Adele, og gjorde som om A-en vart i vanskelegaste laget å forma med motorsag.

Andre ungar fekk miniatyrstolar eller dyrefigurar av ulike slag. «Anton» førte motorsagene så flisene fauk.

Hovudvert og mannen bak Sandvik Landbruk, Hans Ølver Sandvik, sette pris på frammøtet:

– Utruleg kjekt at det kom såpass mange folk når vi laga til ein slik dag.

Han var positivt overraska over tilstrøyminga, særleg sidan det regna godt dei første timane. I tillegg til folk frå heile Kvinnherad, kom det òg folk frå Skare og der omkring.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags