Unge journalistspirer i Herøysund

5. KLASSE: Nysgjerrige og interesserte elevar blei kursa i avis, kva det er og kvifor vi treng dei. Framme ser vi Trym Kvandal. I midten frå venstre, Daria Kotwicka, Dominik Kotwicki, Adrian Tveit, Vilde Reime, Petrikke Fredlund, Cecilia Fausk, Lars Erik Petterson Fjelland og  Nicklas Handeland Stensletten. Bak frå venstre foredragshaldar Svein Olav Langåker, Teodor Flodsand, Eimund Kolle og Anna Hjelmeland Naterstad.

Onsdag var ein journalist frå «Framtida junior» på besøk for å halda kurs for elevane ved Bringedalsbygda skule.

DEL

Det er ein vanleg skuledag ved Bringedalsbygda skule, men med eit unntak. I dag var det ikkje berre éi avis på besøk, men to! Kvinnheringen fekk vera med då redaktør og skrivande journalist i «Framtida junior», Svein Olav Langåker, tok turen innom for å halda eit aviskurs for to klassar.

– Eit søskenpar, femteklassingen Eimund og tredjeklassingen Åshild Kolle, skreiv og inviterte meg hit, og eg kunne ikkje la denne oppmodinga gå meg hus forbi, fortel han.

AVISKURS: Redaktør og journalist Svein Olav Langåker var på Bringedalsbygda skule for å halda aviskurs for elevar. Her held han kurset for femte klasse.

AVISKURS: Redaktør og journalist Svein Olav Langåker var på Bringedalsbygda skule for å halda aviskurs for elevar. Her held han kurset for femte klasse.

Fokus på lesing

Det er fokus på lesing i skulen, og då er både aviser og nettaviser viktige for å bringa fram leselysta hos femteklassingane.

– Mange av elevane er opptekne av å lesa, og vi ser at nettavis er veldig populært. Til neste år skal elevane ha ei avisveke, så det er veldig fint å introdusera det litt med å ha eit aviskurs i dag, fortel lærar for 5. klasse, Madeleine Kaldestad.

– Sidan elevane gjerne ville ha besøk av nokon i ein avisredaksjon for å læra meir om aviser, er det viktig at vi følgjer opp, fortset ho.

I førre veke var elevane innom nettsida til avisa «Framtida junior», og ein kunne merka at dei stilte godt førebudde til timen.

Avis – kva er det?

Det var ein aktiv og nysgjerrig klasse som ønskte journalisten velkomen.

– Kva er ei avis? spør Langåker.

Femteklassingane veit råd, og som perler på ei snor kjem svara fortløpande.

– Det er tekstar og bilde som fortel kva som skjer.

– Kvifor treng vi aviser? held Langåker fram.

Eimund Kolle rekk opp handa.

– Det er for at vi skal vita kva som skjer rundt i verda. Og for at vi skal læra å lesa betre, understrekar han.

BLAR I AVISA: Femteklassingane blar entusiatisk i avisa og les. Her ser vi Petrikke Fredlund og Teodor Flodsand.

BLAR I AVISA: Femteklassingane blar entusiatisk i avisa og les. Her ser vi Petrikke Fredlund og Teodor Flodsand.

Bilde løftar ei sak

– Kva er eit nyhende?

– Det er noko som ikkje skjer kvar dag, fortel dei ivrige elevane.

– Eg såg tre hjortar og ein rev på veg til skulen i dag, fortel eine femteklassingen Nichlas.

– Tok du bilde av det? spør Langåker.

– Eit bilde er viktig for å dokumentera, og det løftar ei sak. Utan bilde blir det berre ei historie, og ein har ikkje noko som kan bekrefta det, held han fram.

Gode til å intervjua

Å stilla gode spørsmål er ei av dei viktigaste oppgåvene til ein journalist.

– Å vera nysgjerrig er viktig, og alltid spørja for å få greia på kva som har skjedd og kvifor, fortel Langåker.

Før han veit ordet av det, blir han intervjua av heile klassen. «Kva heiter du?», «Kven er du?», «Kor gammal?», «Kor kjem du frå?», «Kvifor er du her?», «Har du familie?», «Kva er interessa di?». Og kanskje det viktigaste spørsmålet for mange i klassen: «Likar du fotball?». Det er med andre ord mange journalistspirer i klasserommet denne dagen.

BLAR I AVISA: Femteklassingane blar entusiatisk i avisa og les. Her ser vi Vilde Reime.

BLAR I AVISA: Femteklassingane blar entusiatisk i avisa og les. Her ser vi Vilde Reime.

Vera der historiene er

Avisa «Framtida junior» er hovudsakleg retta mot barneskulen og dei yngste på ungdomsskulen.

– Vi har fått støtte av Sparebank Vest for å reisa rundt og halda kurs. Eit mål er å visa det aukande engasjementet til dei unge, og då må ein reisa der dei er, fortel Langåker, og strekkjer ut armane for å understreka at ein er på skulen.

Den siste tida har han reist over alt på Vestlandet for å halda aviskurs.

– Eg får mange gode idear til kva vi kan skriva om i avisa, samt at det er ein del unge som ønsker å skriva sjølv, smiler Langåker.

– Vi vil visa kor bra ungar kan vera, held han fram.

Papirutgåva og nettsida har snart jubileum og stadig fleire abonnerer og les sakene.

– Vi fyller snart året, og nærare 70.000 har vore innom nettsida vår, avsluttar han entusiastisk.

Artikkeltags