«Denne turen må eg ta kvar dag i 10 år om de legg ned skulen vår»

Av
DEL

MEININGAR(eit lite stikk til skulestrukturdebatten)

Eg heiter «Emilie», er 6 år og går i første klasse. No skal de få lesa korleis det er for meg å køyra fylkesveg 40 mellom Åkra og Dimmelsvik for å gå på skule.

Dei som er med på bussturen er meg, bussjåføren og Alf Prøysen. Eg er mykje saman med oldemor mi når eg har fri. Ho har noko dei kallar for kassettspelar. Der set ein inn ein liten kassett og så spelar den musikk. Bussen vår er ein tilårskomen buss som også har ein slik spelar, så då brukar eg å ta med meg kassettar som me spelar på turen.

Bussjåføren stoppar, opnar døra og eg stig inn. Eg gir kassetten til den snille bussjåføren. Eg finn plassen min og set meg ned, festar beltet, og bussen køyrer. Bussjåføren set på kassetten og vi syng i kor. «Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.»

Upps! Der kom det visst ein ekstra sving i svingen. Kva var no det? Jo, det var visst ein stein som hadde kome ned fjellsida, men slikt er me jo vane med på denne vegen.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Eg prøvar å slappa litt av, men brått høgg sjåføren til i bremsen. Kva var det som sprang over vegen? Jo det var visst ein skremd sau med lammet hoppande etter seg.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Kva var det? Bussen tok ei rask sidemanøver på ei av dei få rette strekkene vi har. Det er no ikkje ein sving her vanlegvis! Det er visst vêret og klimaet som gjennom åra har tært eit stort hol i asfalten.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Brått lettar baken frå setet! Kva skjedde no då? Jo, det er visst bussjåføren som uungåeleg treff eitt av desse ufatteleg mange hola i asfalten.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Neimen, kvifor stoppar me no då? Oisann! Der står det ein syklist kilt fast mellom bussen og fjellveggen. Her var det trongt, gitt. Her må nok bussen setja giren i revers og rygga, for plass til begge er det ikkje.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Eg kjenner kvalmen langt opp i halsen no, men brått høgg den svært dyrevenlege bussjåføren i bremsen atter ein gong. Eg ser opp, og får så vidt sjå bakenden på ein hjort som forsvinn utføre rekkverket og nedover skogen. Det er ikkje berre Åkrafjorden-Jakt som utgjer ein fare for desse dyra.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

«Stopp!» ropar eg så høgt eg kan. No er frukosten på veg opp. Bussjåføren har god rutine med dette, så før den siste P-en i Stopp er uttala så er bussen stoppa og døra opna, og eg står utanfor med frukosten liggande i vegkanten.

Hompetitten, hompetatten, hompetutten teia. Skuleruta kjem i frå Åkra-bygda vår. Så homper vi opp og ned.

Eg går inn, finn setet mitt og krøllar den likbleike kroppen min godt inn i setet. Me er snart framme no.

Kjære politikarar! Dette var éin veg. Eg må heim igjen også. Eg skal fungera på skulen og gjera lekser når eg kjem heim att. Det er ikkje lett etter ein slik tur. «Denne turen må eg ta kvar dag i 10 år om de legg ned skulen vår». To timar i buss kvar dag i 10 år er ikkje bra. Eg håpar de klarar å finna pengar slik at eg kan få gå på skulen i heimbygda mi.

Beste helsing «Emilie»

Lars Emil Berge

pappa til to skulejenter i Åkra

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags