«Gje seksåringane den skulen dei fortener!»

Av
DEL

MEININGAR:Gje seksåringane den skulen dei fortener!

Kvart år står mellom 100 og 150 born klare til å byrja i første klasse på skulane i Kvinnherad. Fulle av utforskartrong, nysgjerrigheit og med lopper i blodet. Er skulane klare til å ta i mot dei?

Mange foreldre er uroa for korleis overgangen frå barnehage til skule blir. Frå ein kvardag med mykje fri leik og høg aktivitet, til ein skulekvardag med færre vaksne og mindre aktivitet. Og det med god grunn.

Då 6-åringane byrja på skulen etter Reform 97 skulle ein velja det beste frå barnehage og skule. Læring skulle skje gjennom leik, og det første året skulle ta på alvor dei yngste barna si leikne verd med suget etter å læra nye ting. Arbeidsforma skulle bera prega av barnehagepedagogikk.

Men sakene endra seg. Barnehagepedagogikken er erstatta av formell opplæring i lesing, skriving og rekning frå første dag. Alt som følgje av Kunnskapsløftet (2006) og stadig meir omfattande kvalitetsvurderingssystem.

Førsteklassingar i Kvinnherad kan risikera å møta ein kvardag der faglege resultat blir prioritert føre pedagogikk basert på leik som læring. Leiken no skjer mest i friminutta, og borna sit meir stille i klasseromma. Krf vil lytta til lærarar og pedagogar sine bekymringar for at seksåringane møter ein skule som ikkje er tilpassa deira behov.

Ein del gutar fødde seint på året slit med å tilpassa seg skulekvardagen, og dei kjem ofte dårlegare ut enn jamaldrande. Vi skuldar seksåringane våre å ikkje oversjå denne utviklinga. Skulane skal møta denne gruppa på best mogleg måte!

Dette er ingen kritikk mot lærarane eller rektorane i Kvinnherad. Heller tvert imot. For eg veit at fleire skular her er flinkare enn i kommunane rundt. Men resultata frå å gå frå ni-årig til ti-årig skule har uteblitt, elevane har berre marginalt meir kunnskap i dag enn før Reform 97.

KrF vil difor at 6-årsreforma skal evaluerast for å sikra at seksåringen får byrja i ein skule som er tilpassa aldersgruppa. Lærarnorma om lærartettleik er også i tråd med dette, sjølv om Kvinnherad ikkje har fått store summane her. Me vil altså gje seksåringane tilbake den skulen dei var lova!

KrF vil at alle elevar i Kvinnherad leiker meir, er meir ute i naturen, opplever praktisk undervisning og positivt samspel med andre. Me vil at alle elevar i kommunen får vitja Folgefonnsenteret, og at skulane følgjer opp berebjelken i den reviderte læreplanen om ei «Berekraftig utvikling.»

KrF er nøgde med at elevane har det godt på skulane i kommunen, og at rektorar og lærarar i stor grad «tek tak» i mobbesaker. Lukke til vidare med den viktige jobben de gjer!

Godt val og god skulestart!

Marit Årthun

Kvinnherad KrF

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags