– Ved skulane er det mogleg å seia opp ein del lærarar og assistentar

LITE PENGAR: «Dersom den noverande ramma som rådmannen legg fram står ved lag, vil det få store konsekvensar for sektor oppvekst», står det om budsjettet for 2019.

LITE PENGAR: «Dersom den noverande ramma som rådmannen legg fram står ved lag, vil det få store konsekvensar for sektor oppvekst», står det om budsjettet for 2019. Foto:

Sektor oppvekst meiner dei manglar ti millionar kroner i budsjettet for 2019, og at det kan gi store konsekvensar.

DEL

Onsdag skal formannskapet ta stilling til rådmannen sitt føreslegne budsjett for 2019. I saksutgreiinga kan ein sjå at rådmannen har føreslege å tildela 334.555.770 kroner til sektor oppvekst. Det meiner sektoren er 10,7 millionar kroner for lite. «Dersom den noverande ramma som rådmannen legg fram står ved lag, vil det få store negative konsekvensar for sektor oppvekst. Det er ikkje råd å leggja ned skular eller barnehagar i eit budsjett. Konsekvensen blir då at rammene må takast ned for alle einingane. Oppseiing av tilsette er einaste veg å gå, då løn er den absolutt største utgiftsposten i sektoren. Dette vil føra til større barnegrupper, og at elevar frå fleire årstrinn må gå i same undervisingsgruppe store delar av tida. Dette vil særleg gå ut over dei små skulane med færrast barn i klassane», står det i konklusjonen til sektoren.

«Uheldig utvikling»

I 2018 blei sektor oppvekst tildelt 311.579.295 millionar kroner, men grunna fleire born som slit psykisk og treng meir hjelp, meir statlege føringar og mindre statlege pengar, og at barnetalet går ned, treng sektoren meir pengar i 2019. I saksutgreiinga står det at viss barnehagane skal driva forsvarleg etter lova, må tildelinga til skulane reduserast. Då kan ein moglegheit vera å seia opp ein del lærarar og assistentar. I tillegg må helsestasjonane reduserast, noko som i neste omgang vil føra til at helsesøsterressursen inn i skulen vil bli redusert. «Både bilbiotek, kulturskule, PPT og barnevern vil med rådmannen sitt forslag til budsjett få reduserte rammer samstundes som oppgåvene er auka. Dette er ein vanskeleg situasjon». I konklusjonen står det at dette vil gi redusert kvalitet i tenestetilbodet, og er ikkje til å tilrå frå eit fagleg synspunkt. På sikt kan det føra til at problemstillingane rundt barn med store hjelpebehov vil auka, og at spesialundervising/spesialpedagogisk hjelp i skular og barnehagar aukar, noko som er ei svært uheldig utvikling for kommunen, blir det skrive til slutt.

Artikkeltags