Kristine (6) har pakka klar skulesekken

Kristine Seglem Bjørge (6) frå Seimsfoss gler seg stort til første skuledag. Ho begynner i 1. klasse på Malmanger skule i Rosendal.

Kristine Seglem Bjørge (6) frå Seimsfoss gler seg stort til første skuledag. Ho begynner i 1. klasse på Malmanger skule i Rosendal.

Artikkelen er over 1 år gammel

Kristine Seglem Bjørge er ein av 153 førsteklassingar i Kvinnherad som har sin første skuledag i morgon (torsdag). Ho gler seg veldig.

DEL

Førre veke besøkte vi ho heime på Seimsfoss for å høyra korleis ho har førebudd seg til den store dagen. Skulesekken har ho sjølvsagt klar, ein veldig fin, lyseblå sekk med ponniar og hundar på. Den har elles innslag av rosa, lys og glitrande refleksar. I tillegg har ho matchande penalhus med fleire rom i som inneheld fargeblyantar, viskelær og linjal, blant anna.

– Eg kan skriva namnet mitt og ein del andre ord. Eg og «besto» Sigrunn har øvd på skriving, fortel ho, og viser fram skriveboka ho har skrive fleire ord i.

– Og så kan eg dei engelske orda «milk», «yes» og «no». Det betyr mjølk, ja og nei, seier Kristine.

Ho kjenner nesten alle dei ho skal gå i klasse med, fordi ho har gått saman med dei i Rosendal FUS barnehage.

– Dei eg kjenner best er Jennifer, Martin, Sigrun og Tiril.

Kristine har vore på Malmanger skule, fleire gonger før. Ho kjenner derfor skulen ganske godt.

– Lærarane eg skal ha heiter Siv og Annbjørg. Dei verkar veldig kjekke!

Vi spør kva Kristine gler seg mest til med å begynna på skulen.

– Det blir kjekt å læra å lesa, for det kan eg ikkje. I friminutta vil eg leika tikken og gøymeleiken, og gå ned i Apejungelen og slenga meg!

Veslebror til Kristine, Jone (4 og eit halvt), skal begynna på skulen neste haust, medan storesøster Emilie skal begynna i femteklasse no.

– Har Emilie fortalt noko om korleis det er å gå på skule?

– Ja, litt. Ho seier at det er kjedeleg med lekser.

Men Kristine gler seg veldig til å begynna på skulen. Ho bur eit godt stykke unna, derfor må ho anten ta buss eller bli køyrt av mamma eller pappa. Men å ta bussen trur ho ikkje blir noko problem.

– Har du funne ut kva du skal ha på deg første skuledag?

– Nei, det veit eg ikkje enno. Men eg har fått ei ny bukse, og til helga når vi skal på Marcus og Martinus-konsert i Bergen, skal vi òg handla nye kle til meg.

Vi avsluttar med å spørja kva ho likar best å ha på nista.

– Nugatti! Men eg likar òg leverpostei på skiva, smiler ho.

Artikkeltags