Desse elevane dyrkar grønsaker i skulegarden

2. klassingane Kaylah (t.v.) og Astrid er stolte over å ha fått eit eige drivhus på skulen, og gler seg til å sjå ulike vekstar spira og gro der.

2. klassingane Kaylah (t.v.) og Astrid er stolte over å ha fått eit eige drivhus på skulen, og gler seg til å sjå ulike vekstar spira og gro der.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Mat og helse har fått ein ekstra spennande dimensjon ved Uskedalen skule, etter at det i helga kom opp eit drivhus i skulegarden.

Grønsaksåkeren har dei hatt ei stund, men vekstane måtte drivast fram inne på skulen. Det var heilt til Gunnbjørg Eik, som er tilsett ved Uskedalen skule, snakka med mannen sin Magne om at det hadde vore flott med eit drivhus i skulegarden, slik at grønsakene kunne få mest mogleg optimale veksttilhøve.

– Han var samd med meg, så i helga sette han og sonen vår Håvard opp drivhuset. Materialet fekk vi av Lio tre og sag, noko vi er veldig takksame for. Frå rektor si side var det tommelen opp med éin gong då forslaget om drivhus kom, smiler Gunnbjørg Eik.

I lag med 2. og 6. klasse er ho onsdag innom drivhuset for å setja ut dei første plantene. Gulrøter, kålrabi, graslauk og sukkererter av det som skal få spira og gro i det nye drivhuset, som ligg vegg i vegg med skulen. Rett utanfor er grønsaksåkeren, så til våren når vekstane er klare skal dei bli planta ut her for vidare vekst.

– Og til hausten skal vi eta dei i mat og helse-timane, smiler Ruth Maria, som går i 6. klasse.

– Kva lærer de av å ha eit drivhus på skulen?

– Vi lærer jo om heile prosessen for plantane frå dei spirar til dei blir til mat. Det er veldig spennande, og alle elevane gler seg til å passa på plantane i drivhuset, fortel 6. klassingen.

Artikkeltags