Undarheim slår på stortromma

Elevane og lærarane ved Undarheim skule inviterer til jubileumsfest torsdag.

Elevane og lærarane ved Undarheim skule inviterer til jubileumsfest torsdag. Foto:

Undarheim skule fyller 50. Du kan bli med på festen!

DEL

Undarheim skule slår til i høve skulen sitt 50-årsjubileum. Torsdag brakar det laus i Kulturhuset Husnes. Alle trinna har øvd på framsyningar i to månader, og no er alt klart for ein storstila fest.

– Førebuingane er lagt til undervisningstida, og elevane har lært utruleg mykje lokalhistorie, fortel rektor May Lis Kaldestad.

Alle trinna er delaktige. Programmet startar med Lucia-tog før det går slag i slag med historiske sketsjar og anna frå kvart av dei tiåra skulen har eksistert, ja endåtil i framtida. Lærar Jorunn Fjellandsbø har funne fram bilde frå heile perioden frå 1968 til 2018. Desse vil ho visa og fortelja om på jubileumsfesten.

Dans, leik og musikk får stor plass i programmet, og Kulturskulen er òg med på notane denne dagen.

Ettersom kinosalen i kulturhuset er arena for den store festen, reknar rektor Kaldestad med at det er plass til fleire enn elevar og føresette.

– Så langt vi har plass er alle interesserte hjarteleg velkomne. Dette blir ei flott jubileumsframsyning, helsar May Lis Kaldestad.

Artikkeltags