Ungdommar kårar årets ungdomsbok

JURY: Frå venstre ser vi lesehestane Marte Sande Gertz, Julie Soma Ersland og Steffen Takvam Dale. Om dei ikkje likte å lesa bøker frå før, liker dei det i alle fall no, og dei vil søkja seg vidare til nominasjonsjuryen for å ytterlegare bidra til å velja ut årets ungdomsbok.

Klasse 9C ved Husnes ungdomsskule er i haust litteraturkritikarar og gir terningkast til ungdomsbøker.

DEL

Ved Husnes ungdomsskule har klasse 9C blitt plukka ut som ein av 20 klassar på landsbasis som skal vurdera eit stort tal ungdomsbøker for å kåra den beste ungdomsboka i år. For å læra å sjå på bøkene med kritiske auge, fekk klassen førre måndag besøk av litteraturkritikar Guri Fjeldberg.

– Det er opp til dykk kva bok som skal stikka av med sigeren, og då er det viktig at de er strenge for å sikra at dei bøkene som høyrer heime i finalen kjem dit, fortalde Guri til klassen.

– Kven er vel betre til å dømma beste ungdomsbok enn målgruppa sjølv? Uprisen er laga for at akkurat ungdommar skal bestemma, og dermed fortelja oss vaksne kva det er de likar å lesa, heldt ho fram.

KRITIKAR: Klassen hadde besøk av litteraturkritikar Guri Fjeldberg. Saman med elevane gjekk ho gjennom viktige kriterier som løftar ei bok opp i toppsjiktet.

KRITIKAR: Klassen hadde besøk av litteraturkritikar Guri Fjeldberg. Saman med elevane gjekk ho gjennom viktige kriterier som løftar ei bok opp i toppsjiktet.

Nålauge

– Vi konkurrerte mot over 80 klassar, så det er veldig prestisje i det å bli plukka ut til å vera ein av 20 som får vera med å bedømma, seier lærar Berit Kristine Rolland.

Klassen har dei siste månadane fått tilsendt mange ungdomsbøker, og dei kjem fortløpande ettersom fleire blir publiserte utover hausten.

– Vi får éin kopi av kvar bok, og dei rullerer rundt i klassen. Når elevar har lest ei bok, går dei inn på nettsida og skriv ei vurdering og gir terningkast før dei begynner på ei ny bok, fortel Berit.

LESELYST: Etter at klassen blei ein anmeldarklasse har leselysta auka. Her er lærar Berit Kristine Rolland i samtale med eleven Erlend Aakre.

LESELYST: Etter at klassen blei ein anmeldarklasse har leselysta auka. Her er lærar Berit Kristine Rolland i samtale med eleven Erlend Aakre.

Elevane synest det er spennande å ha påverknad på kva bøker som kan bli populære.

– Eg ser at leselysta har gått opp i klassen, og elevane er veldig entusiastiske og vil diskutera bøkene med kvarandre.

Nokre bøker er så bra skrivne at det set kjenslene i bevegelse:

– «Då eg las boka kjente eg hjartet slå», var det ei som sa til meg, smiler Berit.

Nominasjonsjury

Marte Sande Gertz, Julie Soma Ersland og Steffen Takvam Dale synest det har vore veldig kjekt å lesa bøker i haust.

– Eg var ikkje nokon særleg «lesehest» før, men ho har eg blitt biten av basillen, ler Julie, som er på si femte bok så langt.

Marte og Steffen er også ivrige lesarar og har lese mange bøker kvar.

– Det er ikkje alltid lett å få ned på papiret kva vi synest, fortel Marte.

– Det handlar om å finna dei rette orda for akkurat det vi meiner, og vi må vera meir presise enn «god», «middels» og «dårleg». Det kan vera ei utfordring, fortset Steffen.

– Vi har ikkje lyst til å såra forfattarane, men samtidig hjelper vi dei på sikt med å koma med ærlege tilbakemeldingar, held Marte fram.

Dei tre diskuterer bøkene seg i mellom, kva dei er på utkikk etter og om forsida til boka samsvarer med innhaldet. Trioen meiner mange av bøkene er urealistiske og meiningslause.

– Eg held på med ei bok der hovudpersonen plutseleg får 100.000 kroner i hende ved eit uhell, og så viser det seg at pengane høyrer til narkotikamiljøet som den avdøde far hans tidlegare har vore involvert i. Det er ikkje særleg realistisk, fortel Marte, og konstaterer at boka er middels god.

Julie trekker fram «Den tolvte mann» av Tor Arve Røssland som ein av favorittane.

– Det er mange som likar denne boka, og det er stor kniving om å vera nestemann som får lesa den, smiler Julie.

ANMELDARKLASSE: Klasse 9C ved Husnes ungdomsskule sender inn vurderingar av ungdomsbøkene dei har lese for å vera med på å stemma fram årets beste ungdomsbok til «Uprisen». Her ser vi eit knippe av bøkene dei har lese.

Dei tre synest det har vore så kjekt å lesa bøker og gje tilbakemeldingar, at dei vil søkja seg vidare til nominasjonsjuryen. Denne juryen skal lesa gjennom alle vurderingane som har kome inn på landsbasis, og basert på desse bestemma kva for fem bøker som skal gå vidare til finalen og kniva om å gå til topps og vinna Uprisen.

– Det er jo eit privilegium å bli plukka ut til nominasjonsjuryen, så det hadde vore kjempekjekt, avsluttar trioen.

Artikkeltags