– Er det innhald eller plassering av skulen som er viktig?

Formannskapet og grupeleiarar samla til møte på Tysnes.

Formannskapet og grupeleiarar samla til møte på Tysnes.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det spurde rådmann Odd Ivar Øvregård om då formannskapet møttest på Tysnes torsdag.

DEL

Det var tendensar til skuledebatt då formannskapet hadde arbeidsmøte ved Haaheim gard i går.

Medlemmene i formannskapet vil ha meir fokus på innhald og kvaliteten i skulen i Kvinnherad.

Det var eit råd som rådmannen fekk då han bad om forslag frå politikarane om kva som skulle prioriterast i budsjettet. Ordføraren meinte at det som avgjorde om ein skule var god, var innhaldet.

– Skal vi ha ein betre skule i Kvinnherad må vi ha betre fokus på innhaldet og kvaliteten, sa ordføraren.

– Er det innhaldet i skulen, eller plasseringa av skulen som er viktig, spurde rådmannen.

Uaktuelt

Den diskusjonen ønskte ikkje ordføraren som viste til at det var vedteke å ha den skulestrukturen som ein hadde i dag.

Hege Røssland (SF) trudde ikkje ein kom utanom diskusjonen om skule-struktur når politikarane skulle diskutera innhaldet i skulen. Ho meinte at skulle ein få eit godt innhald i skulen, måtte det skapast gode lærarmiljø.

Ove Lemicka (FrP) ville òg setja fokus på innhaldet i skulen.

– Det er ikkje noko gale med det. Ein kan ikkje berre pøsa på med meir midlar til skule, og så forventa gode resultat. Det er mykje meir enn det som må til, meinte Lemicka.

Sølvi Ulvenes (H) bad politikarane slutta å hengja seg opp i detaljar.

– No må vi halde fokus på rammene, avslutta Høgrerepresentanten skule-debatten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken