Slik er Kvinnherad-elevane samanlikna med landet elles

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Artikkelen er over 1 år gammel

Førre veke kom resultata frå Nasjonale prøvar for 8. og 9. trinn. Elevane i Kvinnherad viser seg å vera ganske gjennomsnittlege.

DEL

120.000 elevar på ungdomstrinnet i Norge gjennomførte Nasjonale prøvar i år. Der blei dei testa i engelsk, lesing og rekning. I Kvinnherad deltok Husnes ungdomsskule, Hatlestrand skule, Rosendal ungdomsskule og Øyatun skule. I engelsk er det Rosendal ungdomsskule som kjem best ut med 52 poeng, etterfølgt av Husnes ungdomsskule med 49 poeng, Hatlestrand skule med 48 poeng, og nedst ligg Øyatun med 40 poeng. I lesing er det Hatlestrand skule som tronar øvst med 53 poeng, Rosendal kjem rett etter med 52 poeng, Husnes med 47 poeng og Øyatun med 40 poeng. I rekning ligg Rosendal igjen på topp med 54 poeng, Hatlestrand med 50 poeng, Husnes med 48 poeng og Øyatun med 42 poeng.

Heilt gjennomsnittleg

Landsgjennomsnittet ligg på 50 poeng i engelsk, det same gjer gjennomsnittet i Hordaland. Kvinnherad har 49 poeng i gjennomsnitt. Til samanlikning har nabokommunen Etne 47 poeng, Jondal har 53 poeng, Odda 49 poeng, Stord 50 poeng og Tysnes 49 poeng. I lesing er landsgjennomsnittet 50, Hordaland sitt snitt er 49 og Kvinnherad sitt er 48. I rekning er det det same landsgjennomsnittet og fylkesgjennomsnittet som i lesing, medan Kvinnherad ligg på 49 poeng.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags