Klare for nytt skuleår

Denne gjengen med førsteklasseelevar på KVV ser fram til eit innhaldsrikt skuleår, og er motiverte for å jobba hardt med skulear-beidet. F.v. Vibeke Escher, Ida Prestnes, Lars Erik Skåtun, Mats L. Eik, Laith Kordo og Jacob Gaasdal.

Denne gjengen med førsteklasseelevar på KVV ser fram til eit innhaldsrikt skuleår, og er motiverte for å jobba hardt med skulear-beidet. F.v. Vibeke Escher, Ida Prestnes, Lars Erik Skåtun, Mats L. Eik, Laith Kordo og Jacob Gaasdal.

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne gjengen er heilt ferske vidaregåande-elevar, og ser fram til sitt første skuleår på KVV.

DEL

Vi tok ein kjapp prat med nokre av 16-åringane som no har teke fatt på vg1 på studiespesialiserande. Dei fortel at dei er motiverte for å jobba seriøst med skulearbeidet, og at dei gler seg til tida framover.

– Kva er den største forskjellen frå ungdomsskulen så langt?

– Folk er generelt vaksnare og oppfører seg betre, seier Mats L. Eik frå Uskedalen.

– Vi får mykje meir ansvar no enn tidlegare, meiner Laith Kordo frå Husnes, og dei andre nikkar.

– Ja, og i tillegg meir fridom, men med fridom følgjer jo ansvar også, legg Jacob Gaasdal frå Husnes til.

– Eg synest det er lettare å bli kjent med medelevane her. Folk er ikkje så redde for å snakka saman. På ungdomsskulen sat vi gjerne heilt stille og sa ikkje eit ord første skuledag, fortel Vibeke Escher frå Valen.

– I tillegg verkar det som alle er ganske motiverte, og meir på same nivå, seier Lars Erik Skåtun frå Sunde.

Dei fleste visste i god tid før dei skulle søkja at dei kom til å velja studiespesialiserande på KVV.

– Eg vurderte å gå på musikk på Stord vidaregåande, men slo det frå meg fordi eg då ikkje hadde fått alle faga eg ønskte, seier Vibeke.

– Det er veldig praktisk å gå på skule i heimkommunen. Men eg kjenner andre som har valt å gå på andre skular, og må pendla eller bu på hybel, seier Ida Prestnes frå Husnes.

– Viss du vel studiespesialiserande har du fleire valmoglegheiter i framtida med generell studiekompetanse. Eg trur mange som går dette programfaget har planar om å studera vidare etter vidaregåande, viss ikkje hadde dei valt yrkesfag, seier Jacob.

– Ja, det er eit greitt val om du ikkje heilt har bestemt deg for kva du vil bli også, legg Lars Erik til.

Ventelister

Framleis er det slik at rundt 85-90 prosent av ungdommane i Kvinnherad søkjer seg til KVV. I år var det svært mange søkjarar til skulen. Det medførte 10-12 søkjarar på venteliste på både byggfag, TIP (Teknikk og industriell produksjon) og elektrofag.

– Det var nok ein del elevar som var overraska og leie seg for at dei ikkje kom inn. Med mange søkjarar er det karaktersnittet som avgjer, og i år måtte ein ha 3,8 i snitt for å komma inn på studiespesialiserande, forklarar rektor Audun Bjelland.

– Kva trur du er årsaka til at KVV har fått så mange søkjarar i år?

– I år har vi 395 elevar på skulen, og vi hadde omtrent det same i fjor. Søkjartala vil variera litt. Det har litt med korleis søkjarane fordeler seg, for har vi mange nok søkjarar til eit programfag har vi høve til å oppretta ein ny klasse. Ofte ligg vi i grenseland, men har akkurat ikkje nok søkjarar til å gjera det. I tillegg var det i år eit litt større avgangskull frå ungdomsskulane.

Sjølv om KVV hadde mange søkjarar i år, kan det i framtida bli endringar i tilboda ved skulen. Denne veka blir innspela i den første høyringsrunden til ny skulebruksplan i Hordaland presentert. Skulebruksplanen kan få konsekvensar for KVV, spesielt viss forslaget om å leggja ned Etne vgs, Rubbestadneset vgs og Fitjar vgs blir vedteke. Det kan bety at Stord vgs veks, som igjen kan påverka kva fag KVV skal ha.

– I forhold til struktur er det sagt at målet er å ha større fagmiljø. Vi som er ein mindre skule har mange programområde fordi vi ønskjer å ha eit breitt tilbod, men vi er sårbare for variasjon i søkjartalet.

For nokre år sidan blei programområdet restaurant- og matfag lagt ned på grunn av for få søkjarar. Denne trenden er gjeldande over heile landet, berre 2,5 prosent av elevane vel denne linja. Det kan ha samanheng med at lønnsnivået i restaurantyrka vert sett på som lågt og har ukurante arbeidstider. I år er det heller ikkje tilbod om vg2 service og samferdsle på KVV.

Artikkeltags