Kommunen negativ til friskule på Løfallstrand

Stiftinga Skulefondet har søkt om å starta friskule på Løfallstrand skule frå hausten av. Kommuneadministrasjonen si innstilling til uttale i saka er negativ. – Unyansert, kommenterer styreleiar i Skulefondet, Oddbjørn Aasen.