La ned skulekrinsar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Levekårskomiteen har vedteke at Trå og Brekke vert lagt ned som skulekrinsar. I tillegg vert òg Åkra ungdomsskulekrins lagt ned. Dette vedtaket vert no send ut på høyring, før saka kjem opp til endeleg handsaming i kommunestyret. Skulekrinsane kan bli oppretta igjen dersom folketalsutviklinga skulle tilseia det. Felles kretsgrense for Jondal og Kvinnherad vert og oppheva.

I same vedtaket heiter det at Omvikdalen skule skal utvidast med å leiga/kjøpa eller byggja klasseroms- og grupperomsbrakker. Dessutan får barn på Ænes no Malmanger som skule, og ikkje Mauranger.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags