Gir gode råd på vegen

Karen Bogsnes (t.v.) og Wenche Holmedal på KVV har kvar si 40 prosent-stilling som rådgivarar, og skal guida ungdommane gjennom havet av moglege utdanningsvegar og yrkesval. Dei vil at ungdommane skal starta prosessen så tidleg som mogleg.

Karen Bogsnes (t.v.) og Wenche Holmedal på KVV har kvar si 40 prosent-stilling som rådgivarar, og skal guida ungdommane gjennom havet av moglege utdanningsvegar og yrkesval. Dei vil at ungdommane skal starta prosessen så tidleg som mogleg.

Artikkelen er over 1 år gammel

Karen Bogsnes og Wenche Holmedal er skulerådgivarar på Kvinnherad vidaregåande. Dei skal hjelpa elevane med det vanskelege valet, og fortel at prosessen startar tidleg.

DEL

STUDIEVAL OG UTDANNINGOm du trur jobben deira er enkel eller einsidig, tar du feil. Karen og Wenche har kvar si 40 prosent-stilling som rådgivarar, og skulle gjerne hatt meir tid til rådgiving. Det er fylket som har bestemt at dei vidaregåande skulane skal ha slike rådgivarstillingar, og jobben er eigentleg todelt: Den eine biten går på karriere-rådgiving, og den andre biten går på sosialrådgiving, der en legg til rette for dei elevane som har utfordringar som vanskar og sjukdommar, slik at dei kan greia å gjennomføra. Og Karen og Wenche følgjer ikkje berre opp elevar som går i tredjeklassen og no skal søkja på høgare utdanning innan 15. april. Ungdomsskuleelevar på 9. og 10. trinn frå heile kommunen får nemleg besøkja KVV fleire gonger for å sjekka ut studietilboda der. Og allereie frå første året på vidaregåande skal dei ta mange val, om kva linjer og programfag dei skal ta ut frå kva dei ønskjer å studera på og etter vidaregåande.

– Vi startar samtalar med elevane allereie frå hausten av. Vi ønskjer at dei skal starta prosessen med å tenkja på utdanning så tidleg som mogleg, for å velja studie er nettopp det – ein prosess, seier Karen.

Rådgivarane har både ein-til-ein-samtalar med elevar, men også fellesøkter og presentasjonar i dei ulike klassane. Dei inviterer høgskular og andre til skulen slik at dei kan presentera seg, og prøver å halda elevane orienterte om kva som finst av aktuelle utdanningsmesser, opne dagar og liknande på andre skular, som dei kan søkja om å få reisa på. Yrkesfagelevane har eit eige fag som heiter «yrkesfagleg fordjuping», der dei får vera ute i praksis i bedrifter.

– Bedriftene i Kvinnherad, både private og kommunale, er flinke til å ta imot elevane våre. Denne biten er så viktig for ungdommane, nemleg å få prøva ut arbeidslivet, seier Wenche.

Hjarte eller hovud?

Karen og Wenche seier at mange ungdommar blir påverka av vener når det kjem til val av utdanning, og ikkje minst samfunnstrendar.

– Då oljekrisa kom, til dømes, merka vi at mange var skeptiske til å velja utdanning relatert til den bransjen. Då var det mange som valde «tryggare» yrke som sikra dei jobb, fortel Wenche.

– Det viktigaste er at ungdommane finn noko dei likar å halda på med og som dei meistrar. Av og til må vi bruka elimineringsmetoden for å luka vekk ting. Vi oppmodar også ungdommane til å gjera research sjølve, for vi trur dei då klarar å ta eit betre val om dei involverer seg i si eiga framtid. Derfor prøver vi å leggja til rette med å invitera utdanningsinstitusjonar til oss, slik at dei kan sjå kva det er.

– Vår jobb er å motivera dei og gi dei sjølvtillit, slik at dei klarer å ta rette val og kjem inn på det dei ønskjer. I denne prosessen er heile det sosiale netteverket til eleven viktig, seier Wenche og Karen.

– Det viktigaste er å komma i gang med noko, og få ei utdanning. Du kan eigentleg aldri velja «feil», for all kunnskap du tileignar deg er verdifull. Det viktigaste er å komma i gang, flytta ut og treffa andre menneske i ulike fagmiljø. Og var det ikkje rett studium for deg, så kan du bytta. Ingenting er endeleg. Det å kunna omstilla seg, og bruka kunnskapen og erfaringane ein etter kvart får, er ein viktig kompetanse no når arbeidsmarknaden heile tida er i endring, seier Karen.

Dei to rådgivarane er samde om at dei har ein veldig kjekk jobb.

Artikkeltags