Gå til sidens hovedinnhold

Skuleelevane Maud Celia og Sol refsar kommunen for å vera for defensiv: – Blir ikkje overraska om smitten aukar

Artikkelen er over 1 år gammel

KVV-elevane Maud Celia Tveitnes Førland og Sol Skeie (begge 16) reagerer på fulle bussar og manglande smittevern.

Dei to førsteårselevane tek dagleg bussen frå Rosendal til Husnes og tilbake, og fortel at bussane er smikkfulle utan rimeleg moglegheit til å halda avstand.

– Vi har veldig strenge smittevernreglar på skulen og på butikkane, og det er bra, men det kjennest litt meiningslaust når alt kan bli «øydelagt» på bussen, seier Maud Celia og Sol samstemde.

Dagen etter at Kvinnheringen snakka med dei to jentene, gjekk kommunen ut med ei oppmoding om bruk av munnbind på skulebussar.

Refsar kommunen

Etter at Kvinnheringen skreiv om gjeldande smittevern i kollektivtrafikken i Kvinnherad, fortalde dei to jentene at dei har kontakta både Skyss og Kvinnherad kommune for å melda frå om bekymringane sine.

– Eg skreiv melding til kommuneoverlegen, ordføraren og kommunedirektøren. Kommunelegen har ikkje svara, medan kommunedirektøren hadde eit greitt svar om at dei skulle ta dette vidare med Skyss. Ordføraren svarte noko på sida og eg føler ikkje at han tok meg seriøst, seier Maud Celia.

– Eg har dessutan høyrt om fleire som har meldt frå til kommuneoverlegen, men aldri fått noko svar, hevdar ho.

– Eg synest heller ikkje at pressekonferansen kommunen hadde fredag var god nok. Dei burde vore mykje tydelegare, slår ho fast.

Les kva kommuneoverlege Glenn André Opland og ordførar Hans Inge Myrvold svarar jentene her.

Sol fortel at ho har meldt frå om situasjonen til Skyss.

– Det beste hadde vore om dei sette inn ein buss til, meiner ho.

Det er to bussar som går til og frå Rosendal, og dei to jentene melder at bussane er fulle, særleg på måndagar, onsdagar og fredagar.

– I tillegg er det jo ein del som ikkje er skuleelevar som kjem på undervegs, forklarer Maud Celia.

Vil ha klare beskjedar

Dei to jentene fortel at det ikkje er veldig kjekt å vera ungdom for tida, men mange avgrensingar på kva ein kan gjera og ikkje.

– Eg trur ikkje det nyttar å berre gje oss råd om kva vi bør gjera, meiner dei to jentene, som peikar på at både munnbind-påbod og fleire bussar er tiltak dei meiner er naudsynte no.

– I tillegg meiner eg kommunen har mykje å gå på når det gjeld å følga opp tiltaka frå regjeringa. Smittevernreglane blir ikkje følgde godt nok i denne kommunen, meiner Maud Celia.

Jentene blir ikkje overraska om smitten aukar drastisk også her.

– Eg snakka med ein person i kommunen, ho ringde meg fredag, men ho sa at det ikkje kom til å bli påbod med mindre ein fekk veldig mykje smitte i Kvinnherad, seier Maud, som synest dette er defensivt.

– Er inntrykket at kommunen lét det skura og gå?

– Ja, nikkar Maud Celia og Sol.

Sjølve har dei skaffa seg munnbind til bruk på bussen.

– På den eine bussen i dag brukte om lag halvparten munnbind, medan det på den andre kun var to–tre personar som gjorde det, fortel dei engasjerte jentene, som trur smittesituasjonen vil bli betre om det kjem på plass fleire bussar.


Les også

Ser tærne dine slik ut? Da bør du teste deg for korona

Kommentarer til denne saken