Skulestart i dag: – Vis omsyn i trafikken!

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL

I dag er det skulestart for dei fleste elevane i Kvinnherad, og politiet var til stades ved Malmanger skule i Rosendal, Uskedalen skule og Undarheim skule på Husnes.

– Målet vårt er å vera til stades ved alle barneskulane i kommunen dei neste vekene, for å observera og driva førebyggjande arbeid i samband med skulestarten. Vi vil oppmoda foreldre og andre som køyrer og hentar ungane sine om å visa omsyn og vera forsiktige. Slepp gjerne av ungane eit stykke unna, slik at det ikkje blir opphoping og kaos nær skulebygga, seier lensmann Sigurd Børve.

Artikkeltags