Russen skulle etter planen ha bidrege i den årlege aksjonen «Krafttak mot kreft» ved å gå rundt på dørene førstkomande søndag. Men onsdag morgon kom kontrabeskjeden.
– Vi har fått e-post frå Kreftforeininga, som har vore i dialog med Folkehelseinstituttet, om at alle bøsseaksjonane er avlyst. Det vil seia at russen ikkje får lov til å gå rundt og samla inn pengar på dørene, og at det dessverre berre blir digital innsamling via Vipps, opplyser russepresident Torstein Kristiansen Olsen til Kvinnheringen.
Vipps-nummeret til Kvinnheradrussen er 451023.
Berre dagen før gledde russen seg til å gå rundt og samla inn pengar:
– Vi håpar folk vil ta godt imot oss, og bidra til denne svært viktige aksjonen, sa Kristiane Olderkjær tysdagen.
I lag med medruss Espen Aakre Sjo leia ho årets innsamlingsaksjon her lokalt. Russepresident Torstein Kristiansen Olsen bidrog også i planlegginga og gjennomføringa.
– Det at KVV-russen går på dørene i samband med «Krafttak mot kreft»-aksjonen har blitt ein tradisjon, og vi ser fram til å bidra også i år, sa Kristiane før avlysinga blei kjent.
No håpar dei folk i staden for vil bidra til aksjonen gjennom å vippsa.
«Krafttak mot kreft» er ein årleg aksjon i regi av Kreftforeininga. I år skal pengane gå til kreftforsking på dei krefttypane få overlever.
«I dag overlever tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse. To av ti overlever lungekreft og éin av ti overlever bukspyttkjertelkreft. Derfor samlar vi i år inn pengar til kreftforsking for å bidra til at fleire overlever, og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande», skriv Kreftforeininga på heimesida si.
