– Bota blei faktisk skriven ut idét dei annonserte over høgtalaren at ein kunne koma og kjøpa billett

Høggravide Aina Røssland (21) fekk bot på snøggbåten torsdag 27. september, medan dei over høgtalaren annonserte at det no var mogeleg å kjøpa billett i billettluka. Skyss-kontrollør sa at ho sat for langt vekke til å kunna sjå billettluka.