– Heller skytebanen enn Fortnite

Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag arrangerte Kvinnherad Skyttarlag open dag i gamleskulen på Seimsfoss.

DEL

Sjå fleire bilde i vindauget øvst i saka!

Det var to omgangar med åresal, mat- og kakeservering og underhaldning frå b-laget til Rosendal Musikklag.

Skyttarlaget arrangerer med jamne mellomrom open dag for å samla inn pengar til vedlikehald av bygget. I tillegg er det ein fin måte å sanka nye medlemmar på, fortel leiar i ungdomsutvalet, Ørjan Almeland Sjo:

– Dei færraste her i dag er medlemmar. Open dag er ein fin moglegheit til å prøva seg, for å sjå om dette kan vera noko. Sjølv om det ikkje er stemne, bruker det alltid å bli interne kampar og konkurranse mellom familiar. Det er kjekt, seier Almeland Sjo.

Ein av dei som var med på moroa søndag, var Simon Berntsen Flatebø. 9-åringen frå Nordrepollen var nøgd etter skytinga.

– Eg var fem poeng frå onkel, det er ikkje så verst, seier Simon til Kvinnheringen.

Han deltok på sin første opne dag hos Kvinnherad Skyttarlag, men ungguten har drive med skyting i fire år allereie.

– Eg driv òg med «gaming» og ATV-køyring, men er mest glad i å gå på skytebanen. I dag blei turen hit prioritert framfor «Fornite», fortel Simon.

– Kva er det som er gøy med skyting, då?

– Å konkurrera mot folk og vinna, seier han.

Annbjørg Fossberg, leiar i økonomiutvalet til Kvinnherad Skyttarlag, anslo at i overkant av 100 personar var innom gamleskulen søndag ettermiddag.

– Vi synest det er kjekt at folk kjem. Det er vi avhengige av. Dette er vel tredje gong vi har open dag, og det viser seg stadig vekk å vera ein suksess, seier ho.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken