Jostein Mehl tatt ut til verdscup-skyting

Jostein Mehl. (Arkivfoto).

Jostein Mehl. (Arkivfoto).

DEL

Jostein Mehl frå Omvikdalen skal som ein av seks skyttarar representera det norske landslaget i verdscupen i paraskyting i Kroatia 20.–28. juli, melder Sunnhordland Skyttarsamlag. Det er første gong Mehl representerer det norske landslaget i verdscupen. Han deltek i klassen SH2 for funksjonshemma. Mehl skal skyta både luftgevær og kaliber 22, og han skal i elden heile seks gonger. Kona Margrethe blir med som hjelpar, melder skyttarsamlaget.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags