Mehl tok to nye personlege rekordar i Tyskland

Jostein Mehl tok to nye personlege rekordar på stemne i Tyskland. (Foto: Privat).

Jostein Mehl tok to nye personlege rekordar på stemne i Tyskland. (Foto: Privat).

Jostein Mehl frå Omvikdalen gjorde det bra på eit stort internasjonalt skytestemne i Hannover i Tyskland.

DEL

Han deltek i klassen SH2 for funksjonshemma. Den første øvinga var 10 meter luft liggjande. Der fekk han sterke 635,7 poeng. Med dette gode resultatet var han berre 0,5 poeng frå finale, og var den beste av dei norske skyttarane.

Jostein skaut også 10 meter luft ståande som er ei noko meir krevjande øving. Også her vart det ny pers med 622,6 poeng. Her skaut han ganske bra dei to første seriane, før det kom to litt dårlegare. Til slutt klarte han å koma tilbake med to gode seriar. Ekstra stas var det at Cato Zahl Pedersen frå Olympiatoppen var til stades og gratulerte og lét seg imponera!

Den tredje øvinga var 50 meter liggjande med 22 kaliber. Her vart det dessverre litt utstyrsproblem slik at øvinga vart øydelagt for skyttaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags