Bjørgvin bispedømeråd gjorde 28. mars vedtak om å slå saman sokna Ølve og Hatlestrand. Kva det nye soknerådet skal heita, vil det bli gjort eit endeleg vedtak på i bispedømerådet innan årsskiftet. Inntil då vil namnet Ølve og Hatlestrand sokn bli brukt, mellom anna på vallistene. Det skriv bispedømet på heimesida si.

Sokneprest i Kvinnherad, Varaldsøy, Hatlestrand og Ølve, Kjersti Brakestad Boge, seier at det er fleire årsaker til at ein har jobba for ei samanslåing.

– Vi tenkjer at det er naturleg å sjå Hatlestrand og Ølve som éi eining. Reising er ikkje like vanskeleg som det var før, og vi ser at det kan vera endå enklare å få til eit godt kristenarbeid i bygdene når desse to sokna blir eitt, seier ho.

Boge peiker òg på ein generell nedgang i innbyggjartal, og trur det kan vera kjekkare å arbeida fleire i lag.

– Den praktiske betydninga dette får, blir jo mellom anna at ein har soknerådsmøta i lag, at ein lagar felles trusopplæringsplan, diakonplan ettersom vi har fått ein diakon i Kvinnherad, konfirmantplan og vidare. Ein har allereie eit samarbeid mellom sokna om fleire ting, men no blir dette styrka. I tillegg blir det ei styrking av lokaldemokratiet i kyrkja, når ein kan snakka med kvarandre over bordet i staden for at presten skal vera den som formidlar mellom sokna. Det blir mindre prestestyrt, rett og slett.

Kyrkjeverje Torstein Aarthun seier at det ikkje er uvanleg at sokn blir slått saman.

– Vi er ein kommune med mange sokn, og det er ikkje uvanleg at sokn blir slått saman, heller ikkje her. Husnes og Holmedal sokn var tidlegare to sokn som blei til eitt, det same var Fjelberg og Eid sokn, seier han.

Ifølgje heimesida til bispedømerådet gjeld samanslåinga av Hatlestrand sokn og Ølve sokn frå 1. januar 2024. Ved soknerådsvalet i haust vil det bli valt eitt sokneråd som skal fungera som felles for dei to sokna ut 2023.