– Vi har laga oss ein komité, og no håpar vi å få nok folk, seier Ragna Volden om nyttårsdansen som er planlagd i Helgheim ungdomslagshus i Uskedalen.
Der er det plass til mellom 80 og 100 personar.
– På sjølvaste nyttårsaftan – det er vel litt uvanleg?
– Ja, for det skjer jo ingenting, seier Volden om arrangement på ein festkveld som er blitt meir og meir privat.
– Mange feirar nyttår i lag heime, men det er heilt sikkert nokon som er åleine òg, seier Volden.
Ho fortel at dei er ein gjeng som har brote tradisjonen med å vera med barn og barnebarn denne kvelden og feirar nyttår med fest og dans for vaksne. I nokre år har dei reist til Skånevik Fjordhotell.
– Og det har vore veldig kjekt, men no slår vi til og prøver i Helgheim! seier ho.
Ho tek imot påmelding, og saman med resten av komiteen er det på gang kampanje med plakatar og anna som skal vekkja danselysta.
– Vi har lagt lappar i postkassen til folk vi veit likar å dansa. Vi køyrer på no for å få folk ut av stova! ler Ragna Volden.
Matservering har dei ikkje tenkt å styra med. I staden kan folk få kaffi og kaker i godt lag utpå kvelden.
Musikken er både levande og lokal, og her kan ein få dansa seg både sveitt og glad. Dansebandet Trinity er frå Sandvoll og spelar tradisjonell dansemusikk, og Ragna held ein knapp på swing.
– Men dei spelar alt mogleg og dei er veldig flinke. Det er mange fleire som burde høyrt dei! seier Ragna Volden.