Kreativ slåttekar på Utåker

Bakken var så våt at bonde Arne Sveinung Utåker brukte vegen som underlag då graset skulle ballast. (Foto: Kristine Hellås).

Bakken var så våt at bonde Arne Sveinung Utåker brukte vegen som underlag då graset skulle ballast. (Foto: Kristine Hellås).

Artikkelen er over 2 år gammel

Bonde Arne Sveinung Utåker måtte ta utradisjonelle metodar i bruk for å få pakka rundballar av graset han hadde slått.

DEL

Ein våt og kald vår og forsommar har gjort det vanskeleg for bøndene å få unna førsteslåtten.

– Det er vanskeleg, og det er mange som slit med å få unna førsteslåtten, seier sauebonde Arne Sveinung på Utåker.

Fredag sist veke starta han slåtten på delar av dei 70 til 80 måla som han skal slå. Problemet var at det var svært vått i bakken, og bratt terreng. Det gjekk greitt å slå, men det var uråd å få pakka graset i rundballar ute på bakkane. Då fekk Utåker ideen om å leggja graset ut i køyrevegen og pakka det derifrå.

– Dette vart eit helsikes arbeid, og det gjekk veldig mykje tid. Men ei løysing måtte eg jo finna, seier Utåker.

– Fekk du nokre reaksjonar frå bilistane som passerte?

– Eg sa til nokon at no ville bøndene ha noko igjen for vegavgifta som vi betalar, spøkjer Utåker.

Han meiner at førsteslåtten burde vore unnagjort for 14 dagar sidan.

– Det er heilt håplaust. Eine dagen er det fint og varmt, medan det neste dag berre høljar ned, sukkar sauebonden.

– Du er då kreativ som kom på dette med å leggja høyet ut i vegen for å pakka det i rundballar?

– Det er jo litt spesielt. Men når eg tenkjer etter, så er det vel ikkje heilt vettug. Men no er det gjort, og høyet er i hus! konstaterer Utåker.

Artikkeltags