Fyrsteslåtten er like god som heile avlinga i 2018

Ballane låg tett i tett hos Runar Myklebust etter fyrsteslåtten.

Ballane låg tett i tett hos Runar Myklebust etter fyrsteslåtten.

Av

Fyrsteslåtten vart truleg av den beste som har vore på mange år. Ja, faktisk like god som heile avlinga i 2018. No gjer bøndene seg klare for andreslåtten, og med rett gjødsling er det ikkje sikkert ein treng slå tre gonger i år. Med rett fôr-mengd i høve til dyretalet kan mange spara kostnader med tredjeslåtten.

DEL

(Uskedalen.no): 2018, med ekstremt lite nedbør, gjorde at mange fekk lite fôr. På landsbasis søkte 11.000 om erstatning, noko som utgjer ei søknadsramme på 2,5 milliardar kroner. Året før var det vått og kaldt. Det kjem såleis vel med at 2019 lovar godt og kan bli eit rekordår med avling.

Stian Haugland i Haugland Maskin fortel at fyrsteslåtten gjekk over fleire veker i år, frå slutten av mai til ut i juli. Ustabilt vêr gjorde at det var vanskeleg å koma til med moderne maskinar. Men, for dei som starta tidleg, er det klart for andreslåtten.

Graset har god kvalitet, og nokre valde å tørka på bakken før balling. Ein fôrballe med tørka gras inneheld det doble av det som er vanleg i ein balle med grovfôr. Det er med andre ord fleire foreiningar i éin balle med tørt fôr. For at graset skal vera godt hefta og ikkje mygla, vert fôret tilsett syre.

Artikkeltags