For å støtta aksjonen med eit valfritt beløp, kan du gå inn via denne linken og klikka på "Gi en gave":

https://innsamling.kreftforeningen.no/rosasloyfe/5-12174

Til saman blei det selt imponerande 420 billettar til marsjen, som Kvinnheringen arrangerte saman med Husnes Storsenter og andre gode hjelparar til inntekt for Brystkreftforeningen og Kreftforeningen.

Bildeserie

Del 1: Sjå stor bildeserie frå Rosa-marsjen på Husnes

Bildeserie

Sjå bilde: Farga Husnes rosa

Før sjølve marsjen var det program på Torgplassen. Der fortalde Mona Odland frå Brystkreftforeningen Sunnhordland om deira arbeid, og oppmoda kvinnheringar om å melda seg inn. Sparebank1-stiftinga Kvinnherad overraska ho med ei gåve på 25.000 kroner til foreininga.

Trine Skår Lande frå Valen, no busett på Stord, heldt ein sterk appell. Ho har sjølv hatt brystkreft, og veit korleis det kjennest på kroppen. Sparebank1-stiftinga Kvinnherad overraska ho og Merete Lillesand frå Kvinnheringen med ei gåve på 100.000 kroner til aksjonen.

Saman med desse pengegåvene har vi klart å samla inn rundt 155.000 kroner, og det er vi utruleg stolte over! Tusen takk til alle dykk som har gitt støtte.