– Slik vi ser det, så er det lite truleg at det vert julemarknad i år

Som du ser var det folksamt på Jul i Rosendal i fjor, men i år er det usikkert om marknaden kan gjennomførast. (Arkivfoto).

Som du ser var det folksamt på Jul i Rosendal i fjor, men i år er det usikkert om marknaden kan gjennomførast. (Arkivfoto).

DEL

Den årlege julemarknaden i Rosendal, med salsbuer, musikk, mat og aktivitetar, har vore ein suksess i mange år. Men i ei pressemelding skriv Kristin Lamberg at arbeidet med julemarknaden i år er sett på vent på grunn av korona:

– Vi skulle i desse dagar starta påmeldinga til Jul i Rosendal 2020. Arbeidsutvalet har vedteke å setja dette arbeidet på vent inntil vidare. Slik vi ser det, ut frå slik verda ser ut, så er det lite truleg at det vert julemarknad i år. Vi startar i alle høve ikkje ei planlegging no, sidan vi ikkje veit kva som skjer til hausten og kva reglar som gjeld for oss, står det i pressemeldinga.

Om det brått vert endringar som gjer at ein klarer å gjennomføra med kort varsel i haust, vil arbeidsutvalet komma tilbake med ny informasjon då.

Artikkeltags