Gå til sidens hovedinnhold

Slit med å koma i kontakt med nokre av dei eldste. Ber pårørande hjelpa til

Kommuneoverlege Glenn Opland fortel til Kvinnheringen måndag morgon at kommunen slit med å få svar frå enkelte i aldersgruppa 85 og oppover på telefon, angåande vaksinering mot covid-19.

– Vi ringjer til alle, men det er nokre få som ikkje har tatt telefonen. Vi ønskjer at alle det gjeld tek kontakt med oss snarast råd, seier Opland.

Han håpar også at pårørande kan hjelpa til.

– Det er flott om dersom du kjenner nokon i denne aldersgruppa, at du er merksam på at dei ringjer oss tilbake, dersom du trur at dei endå ikkje har fått avtalt vaksinedag.

Les også

Hadde 40 nærkontaktar fordelt på to kommunar: – Særleg éin av desse har fått ein meir krevande smittesporing

Kommentarer til denne saken