Bakgrunnen er at kommunen sin sektor for kultur og idrett ønskjer å kartlegga kor mykje dei einskilde organisasjonane ser for seg å nytta Kvinnherad Arena, og har laga ei undersøking for nettopp dette formålet.

Undersøkinga er retta mot organisasjonar som direkte eller indirekte har ein aktivitet som tangerer med dei areala som er planlagde inn i Kvinnherad arena:

  • Dobbel handballflate
  • Aktivitetssal (kampsport/dans)
  • Turnhall
  • Sosialt rom
  • Klatrevegg og buldreanlegg
  • Løpebane (60m)

– I undersøkinga vel vi å inkludera alle tenkelege brukarar av hallen, då areala er attraktive og kan opna for allsidig aktivitet. Lista over mottakarar for undersøkinga er derfor lang og variert. I undersøkinga kan ein òg gi innspel til nyskapande aktivitet, forklarar folkehelsekoordinatoren, og held fram:

– For enkelte vil det ikkje vera relevant å svara på undersøkinga i det heile. Undersøkinga er ikkje forpliktande, men vil liggja til grunn for kva driftsoppgåver vi må ta sikte på å løysa i Kvinnherad Arena.

Den aktuelle undersøkinga finn du HER (ekstern lenke).

Viktig å oppdatera

Det er grunnen til at Helgesen no vil oppmoda organisasjonane om å oppdatera kontaktinformasjonen sin i Frivilligregisteret via Altinn. Ei oppmoding han deler med Veronica Thorsen i Kvinnherad Frivillighetssentral.

– Det er mange som registrerer seg i Frivilligregisteret i Brønnøysundregistra, men ein god del av desse organisasjonane har ikkje oppdatera denne informasjonen på veldig lang tid, og registeret inneheld dermed ein del feil, som gjere arbeidet med å komma i kontakt med dei svært vanskeleg, seier ho.

Ifølgje Thorsen er det å berre ha oppdatert informasjon på private sider og sosiale medium for uoversiktleg.

– Det finst mange gode Facebook-sider om ulike lag og organisasjonar i Kvinnherad, men det hjelper lite når ein ikkje veit kva ein skal søka på for å finna dei. Skal ein til dømes søka midlar hos ulike stiftingar eller anna, er det for mange av desse eit krav at informasjonen i registeret stemmer. Men også i høve viktige undersøkingar, må informasjonen vera riktig for at ein når ut til alle.

I tillegg lanserer no Kvinnherad kommune nettstaden Friskus (ekstern lenke). Det er i hovudsak ein digital aktivitetskalender for kommunen, men fungerer samstundes som ein nettstad kor ein mellom anna kan finna og oppdatera kontaktinformasjon til lag og organisasjonar.

– Beskjeden vår er dermed: Registrer laget eller organisasjon din i det nye, lokale Friskus-registeret i Kvinnherad, samstundes som du oppdaterer informasjonen i Frivilligregisteret via Altinn, sluttar Thorsen.