Gå til sidens hovedinnhold

– Smil til kvarandre

Artikkelen er over 1 år gammel

Psykolog Sturla Helland har gjort seg nokre korona-tankar han vil dela med andre.

I djup konsentrasjon om reinhald av hender og å halda avstand til andre kan det henda vi gløymer noko viktig. Noko som kan gjera kvardagen lettare både for ein sjølv og andre.

Dette har Sturla Helland registrert.

Slik lyder oppmodinga som går frå psykologen til oss alle:

«Eg var på handel på Husnes i dag og lurte på kva som skjedde med meg. Eg vart trøytt, sliten og kjende meg litt trist. Når eg såg meg omkring oppdaga eg mange som hadde det på same måten. Munnen var lukka, augo såg triste ut, og når ein møtte nokon sitt blikk såg dei bort med ein gong. Eg oppdaga at eg oppførte meg på same måten.

Trur vi at smil og augekontakt fører til auka smittefare for det viruset vi har forstått at vi skal unngå å få?

Vi skal halda litt større avstand enn vanleg, vi skal ikkje handhelsa på kvarandre, men ingen har sagt at vi ikkje kan smila til kvarandre med munn og auge.

Truleg vil vi ha godt av smil og venlege blikk i denne situasjonen. Mange har opplevd at når vi kjenner oss triste, kan eit godt smil ofte vera ei trøyst og bidra til å gjera livet litt lettare. Derfor ei lita oppfordring både til meg og deg: Neste gong du møter nokon, tek du fram eit godt og venleg smil, og kanskje til og med dristar deg til eit «hei», slik vi gjer når vi møter kjende og ukjende på fjelltur!»

Kommentarer til denne saken