Smitterettleiaren for barnehagane kjem onsdag

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Av

Onsdag ettermiddag vil smitterettleiaren for barnehagane bli lagd fram, varslar Folkehelseinstituttet (FHI) og Utdanningsdirektoratet.

DEL


– Rettleiaren kjem klokka 16 i dag, seier kommunikasjonsrådgivar Linda Sørfjord i Utdanningsdirektoratet til NTB.

Rettleiaren skulle i utgangspunktet vere klar torsdag. Mange har likevel reagert på at barnehagane då berre ville få éin arbeidsdag på å førebu opninga.

Regjeringa kunngjorde 7. april at barnehagane skal opnast att måndag 20. april.

Det er FHI og Utdanningsdirektoratet som har hatt hovudansvaret for å utarbeide rettleiaren, som skal gi føringar for korleis smittevernet skal takast vare på når barnehagane opnar att.

– I dette arbeidet har vi vore i dialog med fleire sentrale aktørar i sektoren, seier Sørfjord.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags