– Det vart mykje stress for folka våre i London som måtta bruka måndagen til ombooking av billettar. Men det ser ut til å gå bra, smiler Leif Ove Andsnes.

Kvinnheringen møter festivalgeneralen i Riddersalen tysdag morgon. Andsnes er inne i dei siste førebuingane før festivalstart torsdag, og då var flystreik og litt omkalfatring for konsertprøvane ikkje optimalt.

– På toppen har vi fått to covid-forfall: Den faste pianostemmaren vår, og dessutan cellist Tanja Tetzlaff. Når det gjeld sistnemnde har vi vore skikkeleg heldige og fått inn to gode reservar som fordeler det Tetzlaff skulle ha spelt: Den anerkjende britiske cellisten Steven Isserlis som tilfeldigvis var ledig, samt norske Audun Sandvik.

– Ein utruleg styrke

Årets festivaltema er Ludwig van Beethoven, komponistgeniet som vart fødd for 252 år sidan. I 2020 var det Beethoven-jubileum, men det året vart Rosendal Kammermusikkfestival avlyst på grunn av pandemien. Dermed vart Beethoven-temaet utsett til årets kammermusikkfestival.

– Kva er ditt personlege forhold til Beethoven?

– Å, det må bli litt store ord. Då eg var liten og spelte Beethoven, fekk eg ei fysisk utfordring. Han brukar ofte dei høgaste tonane i høgrehanda og dei lågaste i venstrehanda. Det er ekstra vanskeleg når du er liten, og eg hugsar at eg tenkte; kva er dette for ein musikk? Eg vart imponert, men forstod òg at det var musikk eg måtte veksa med.

Og etter at pianisten bokstaveleg tala femna over større og større oppgåver innan kunstmusikken, har forholdet til Beethoven berre blitt sterkare og sterkare:

– Det er ein utruleg styrke i Beethoven sin musikk. Eg har hatt periodar i livet som har vore vanskelege, og då er Beethoven sin musikk noko eg vil ha. Den tar tak i handa mi og held fast, og seier «det blir bra»!

– I festivalomtalen seier du at Beethoven byr på «mye ømhet, intime betroelser, humor og tvetydighet». Kor vil festivalpublikummet finna humoren?

– Humor i kunstmusikken er ikkje alltid så lett. Vår humor er annleis enn den var på 1700–1800-talet. Men det er svært tydeleg at fleire komponistar ville skapa overraskingar. Beethoven sin musikk er full av skeive ting og han braut med føregåande komponistar og det som var dei musikalske rammene den gongen.

Andsnes peikar på at Beethoven brukar mykje bass, mykje tyngde og raseri, og ikkje minst overraskingsmomentet:

– Når folk tenkjer at «dette var fint», vert dei brått slått i trynet med ein uventa akkord.

Mystisk

Festivalgeneralen har tenkt mykje på at Beethoven passar perfekt inn i den noko fragmenterte notida:

– Ser du på TV-humor frå 1970-talet så går det så utruleg langsamt samanlikna med det som blir laga i dag. At musikk som er 200 år gamal kan vera så kvikk og rask er heilt fantastisk – det gjeld både Mozart og Beethoven. Spesielt i den seinare musikken til Beethoven er han høgt og lågt, med ei blanding av folkedans og noko romleg musikk frå galaksen han høyrde i sitt indre. Han var jo døv siste delen av livet, så det må ha vore noko han høyrde med si indre stemme, fri for påverknad utanfrå, reflekterer Andsnes, og legg til:

– Det er noko mystisk med den seinare musikken hans, nesten som at den er skriven for vår tid – den passar så godt. Kanskje er det noko i det enkle i melodiane hans. Intensiteten gjer at kvar tone kjennest viktig, musikken tar tak i deg og seier at «eg har noko viktig å fortelja deg»!

Andsnes finn mykje positiv energi i Beethoven:

– Trass i at Beethoven hadde eit forferdeleg hardt liv med mange helseplager, så grev han seg ikkje ned i melankolien. Det er ekstrem oppdrift og kraft i musikken hans, han ser alltid opp og gir energi!

Stjernepianist

Blant mange dyktige musikarar i festivalprogrammet, lyser nok den islandske pianisten Víkingur Ólafsson sterkast. Ei verdsstjerne innan kunstmusikken for tida, rett og slett.

– Kva er magien hans?

– Eg har kjent Víkingur lenge. Han er ein stor personlegdom og eg er ikkje overraska over at han no har slått ut i full blom. Han har ein stor sensitivitet i å formidla stemmer og klang, og han skaper eit rom som gjer at folk vil lytta. Han har det ekstra – både leikande lett og stort alvor. Bach-albumet hans frå 2018 er eineståande med mykje personlegdom.

Samtidsmusikk

– Kva er tanken bak samtidsmusikken på programmet?

– Den klassiske musikken er berebjelken i festivalen, men for at det skal vera ein aktuell festival med brodd, må vi også ha ny musikk med. Dei to komponistane og vestlendingane Marius Neset og Ketil Hvoslef har laga spennande musikk, noko med Beethoven-inspirasjon. Eg har veldig sans for begge komponistane, og så er det kjekt å setja saman to generasjonar Vestlands-komponistar.

Neset laga bestillingsverket «Who we are» til festivalen 2020. Verket vart vist i ein konsert på NRK som eit plaster på avlysings-såret. Søndag blir det «urframføring» med publikum i salen.

Til slutt eit festivaltips: Anten du er heilt blank, eller kjenner musikken: Tar du med deg eitt av føredraga som handlar om musikken i etterfølgjande konsert, blir utbytet av musikken garantert større. I tillegg til ypparlege musikarar, held Andsnes seg også med verbale formidlarar på toppnivå.