Bergensartistar stiller opp på dugnad for å støtta vidare drift ved Snikkeriet

Denne helga blir det «vinterfest i blåtoneland» på Snikkeriet i Rosendal. Eit knippe bergensartistar speler på dugnad for å sikra inntekt til utestaden, og håper flest mogleg tar turen. Fredag blir det «stjernejam», medan det laurdag blir ettermiddagskonsert og vinterkonsert. (Arkivfoto).

Denne helga blir det «vinterfest i blåtoneland» på Snikkeriet i Rosendal. Eit knippe bergensartistar speler på dugnad for å sikra inntekt til utestaden, og håper flest mogleg tar turen. Fredag blir det «stjernejam», medan det laurdag blir ettermiddagskonsert og vinterkonsert. (Arkivfoto). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Å driva Snikkeriet er utfordrande, spesielt utanom turistsesongen. Denne helga trør derfor eit knippe Bergensartistar til og speler fleire konsertar på dugnad for å sikra vidare drift. – Rørande, seier Eli Kvalvågnes.

DEL

Denne helga kan du få med deg unike konsertopplevingar på Snikkeriet, under «Vinterfest i Blåtoneland». Eit knippe av Bergen sine mest markante og erfarne musikarar og artistar har slått seg saman for å gi litt tilbake til Snikkeriet. Kvar for seg har dei stått på denne spesielle scena tallause gonger og i ymse settingar tidlegare, og dei har sett kva verdi Snikkeriet har hatt og kor mykje det betyr for kulturlivet på Vestlandet, og ikkje minst for lokalmiljøet, skriv dei i ei pressemelding:

– Intensjonen er å saman med publikum prøva å bidra til at staden kan overleva også denne vinteren. Det blir konsert og «stjernejam» fredagen, og laurdagen blir det både ettermiddagskonsert og ein heidundrande vinterkonsert. Samtlege aktørar stiller opp utan honorar, slik at alt av billettinntekter og omsetning uavkorta skal gå inn i drifta av Snikkeriet.

Dugnadsgjengen på scenen består av: Dag Bergesen (bass, gitar, vokal), Gina Aspenes (vokal og kor), Geir Mæhle (vokal og kor), Annelise Ringsby (vokal og kor), Kristin Bergsvik (vokal, kor og tangentar), Tore Kvalvik (kapellmeister, gitar), Frank Halland (bass) og Jan Petter Ågotnes (trommer). Tone Kvalvik og Kenneth O. Bergsvik Skilbrei står for koordinering, administrering og praktisk tilrettelegging av arrangementet.

Små marginar

Drivar av Snikkeriet, Eli Kvalvågnes, er rørt over at artistane har teke initiativ til å laga eit slikt dugnadsarrangement.

– Det er utruleg flott at folk utanfrå forstår kva Snikkeriet tilbyr, og kor viktig det er med slike tilbod for utøvande musikarar og kunstnarar. Det er veldig flott at dei vil støtta oss.

Reknskapstala for Påfyll Snikkeriet AS viser at det har vore svært tungt å driva med overskot dei siste åra. I 2016 hadde Snikkeriet eit årsresultat på -128.000 kroner.

– Å driva ein stad med matservering og levande musikk på heilårsbasis vil mange kalla ekstremsport – spesielt i mindre byar og på tettstader. For Snikkeriet er til dømes vintermånadane til tider så marginale at det er snakk om å «vera, eller ikkje vera», skriv artistane i pressemeldinga.

Dette bekreftar Kvalvågnes:

– Turistsesongen med mange tilreisande er svært viktig for oss, men no, på denne tida av året, spør eg meg sjølv om eg klarar å halda Snikkeriet ope til påske. Det handlar jo om etterspurnad, og om kvinnheringane er flinke til å besøkja oss på det jamne. Viss det er for få som støtter eit tilbod vil det forsvinna. På Snikkeriet er det ein fast kjernegjeng, «jam-gjengen» som har drege lasset ilag og bidrege i fleire år, og dei prisar eg meg lukkeleg for. Vi er mange som vernar om og jobbar for å halda Snikkeriet i livet.

– Ekte kjærleik for musikk

Ifølgje pressemeldinga frå artistane har Snikkeriet i Rosendal gjennom åra har markert seg som ein av dei mest intime, sjarmerande og populære klubbscenane på Vestlandet, og har derfor høg status hos musikarar over heile landet.

– Felles for alle som har spelt på Snikkeriet-scena, er at alle vil tilbake igjen! Men kvifor? Kva gjer Snikkeriet spesielt i forhold til klubb- og konsertscener i dei større byane? spør dei, og følgjer opp med svar:

– Den ektefølte interessa og genuine kjærleiken til levande musikk (og menneske) med mangfald og breidde, er fundamentet i drifta av Snikkeriet, i motsetnad til spelestader der profitt og kommersialitet styrer både musikktilbod og drift. Dette kjem tydeleg fram av konsertoversikten i løpet av eit år, og gjer seg også gjeldande i forhold til måten ein blir teken imot på og servicen ein opplever som musikar, både frå innehavar Eli Kvalvågnes og tilsette. Her er alle «stjerner»!

Kvalvågnes sjølv seier at det er heilt bevisst at artistane som kjem til Snikkeriet skal kjenna seg godt mottekne og oppvarta:

– Eg har sjølv vore musikar store delar av livet mitt, og veit korleis det kjennest. Då eg fann Snikkeriet bestemte eg meg for at det skulle bli ein slik plass som eg sjølv følte mangla, ein levande arena der alle som kom dit kunne vera med på å skapa ei stemning og bidra på sin måte. Dei som kjem hit får skikkeleg oppvarting og respekt, ei heil oppleving. Denne servicen er blitt eit varemerke for oss.

Og artistane i dugnadsgjengen har ei klar oppmoding til kvinnheringane:

– Skal noko av dette bety noko, avhenger det sjølvsagt av at kvinnheringane (og vestlendingar for øvrig) kjenner si besøkingstid desse dagane og støtter opp om det lokale kulturtilbodet. Ein sterk appell til alle som ønskjer å ta vare på denne eineståande kulturelle oasen i Rosendal;

Vis det ved å ta turen til Snikkeriet i helga, og opplev ei heftig og energisk blanding av blues, rock, funk og pop frå scena! Ditt bidrag i form av at nettopp DU kjem, betyr mykje! avsluttar dei pressemeldinga.

Artikkeltags