Stilte opp for Snikkeriet

Det var bra trøkk på Snikkeriet i helga, med framifrå musikk og god stemning. Her frå fredagens «stjernejam», på scena ser du nokre av bergensmusikarane som spelte på dugnad for å få inn pengar til uteplassen. F.v.: Tore Kvalvik, Annelise Ringsby, Gina Aspenes, Kristin Bergsvik, Geir Mæhle, Dag Bergesen og Frank Halland.

DEL

Denne helga var det mykje god musikk og mykje folk på Påfyll Snikkeriet i Rosendal. Årsaka var at eit knippe velatablerte, bergensbaserte musikarar stilte opp og spelte utan honorar for å få inn pengar til vidare drift. Fredagen var det «stjernejam», og då Kvinnheringen var innom var stemninga på topp både blant musikarane på scena og blant publikum, som dansa og koste seg i godt lag. Laurdagen var det ettermiddagskonsert og «Vinterfest i Blåtoneland» på kvelden.

Drivar Eli Kvalvågnes var svært takksam og nøgd med helga då vi snakka med ho måndag:

– Det var ei fantastisk stemning, og både vi som jobbar her, artistane og publikum har hatt det veldig kjekt ilag. Vi hadde hatt plass til fleire publikummarar, men vi veit det er vinterstid og at det var fleire arrangement i kommunen. Alle monnar drar. Folk skal ikkje sjå vekk frå at vi prøver eit liknande tiltak igjen.

Ho vil takka alle som stilte opp og bidrog denne helga. Programmet til påsken er allereie klart, og Kvalvågnes er optimist med tanke på vidare drift av Snikkeriet.

– No når våren kjem begynner folk å gå meir ut. Vi "murar" oss litt inne vinterstida, men vi er litt som krokusen, og kjem fram til våren. Lever Snikkeriet i seks veker til, og det trur eg sikkert vi gjer, så har eg trua på at også dette året skal gå bra, seier ho.

Artikkeltags